Men det treng ikkje vera så innfløkt når du er liten heller.
Denne helga er Jørn Hurum, Esther van Hulsen og underteikna i Longyearbyen for å lansera «Monsterøglene på Svalbard». Boka handlar om dei mange fossila som Jørn og dei andre Øglegravarane har grave ut frå over hundre millionar år gamle steinlag, og korleis livet i havet var den gongen øglene sumde omkring der.
Men det er ikkje berre det som skjer desse dagane. Samstundes vert det halde eit vitskapleg symposium i samband med ei 300-siders spesialutgåve av Norwegian Journal of Geology, den fyrste samlinga av vitskaplege artiklar om dei same fossila.
Smak på den: barneboka kjem samstundes med dei fyrste vitskaplege publiseringane. Ikkje noko vondt sagt om dei mange utmerka faktabøkene for barn – ikkje på nokon som helst måte – , men så vidt vi har funne ut er dette den einaste barneboka som vert gjeven ut i haust der ein forskar fortel om den pågåande forskinga si (orsak på førehand om researchen min er for dårleg på dette punktet).
Jørn har via livet sitt til paleontologien, Esther er ein målretta kunstnar, og eg har virra formålslaust rundt så mykje eg har kunna. Trass dei ulike bakgrunnane er vi samde om ein ting: ikkje kødd med kidsa!
Vi ynskjer å fortelja mykje av den same historien til borna som det som står i det geologiske tidsskriftet. Dei tekniske detaljane overlet vi til forskarane (det gjer eg for min del stort sett elles òg), vi skummar fløyten og held oss til konklusjonane.
Men fyrst prøver vi å vekkja nysgjerrigheita gjennom å fortelja ein historie om dyra som vart til fossil. «Ida» skreiv seg nesten sjølv, ut frå alt forskarane hadde funne ut om den vesle apejenta. I «Monsterøglene» har vi hatt mindre å halda oss til frå fossila, men til gjengjeld kan vi fortelja om Øglegravarane, som år etter år reiste til Svalbard for å eta brødskiver med svinefeitt og hadde dogevær i leiren.
Når vi har vekt interessa hjå dei unge, er det to bodskap vi gjerne vil at dei skal få med seg: det eine er at alt liv som finst, òg vi menneske, er i slekt og har utvikla seg frå tidlegare livsformer.
Det andre er usikkerheita rundt forskinga. Det vert stadig lagt nye bitar av kunnskap til det puslespelet som forskinga er. Av og til vert dei lagt feil og må leggjast på nytt andre stader, og framleis er det mykje vi ikkje veit og mykje å oppdaga.
Har vi klart å lura inn dei to bodskapane, seier vi oss fornøgde.
(og apropos å lura inn: vi er òg skjelmsk fornøgde med at vi har fått inn to sider om metanoppkomer utan at forlaget merka det. Vi ser ikkje bort frå at det er fyrste gongen dette fenomenet er omtalt i ei barnebok, og vi trudde eigentleg det var for sært)
20. mars 2013
0 kommentarer