Skrevet av: Maria Tryti Vennerød  29. juni 2012

0 kommentarer

IKKJE DIREKTE RÅKA. Dagbok 16/4 – 22/6 2012. Her er alt i ein post, kronologisk

VEKE 1
Måndag 16. april

 

1. OM Å VERA BUDD

Eg prøver å bu meg
Det går ikkje

 

2. OM Å BU SEG

Vi har prøvd å bu oss, og folk har prøvd å bu oss, til og med han som forsvarar
monstret
har prøvd å bu oss
”det blir tøft”

 

det finst ting det ikkje er mogleg
å bu seg på
Heilt elementære ting, dei viktige tinga; umogleg
Å bu seg på

 

Og likevel

 

Naturlegvis
Når vi ikkje klarer det
Eller når andre
Ikkje er budde

 

Det er uakseptabelt
Det er ikkje greitt
Vi må vera budde
Nokon må vera budde
Men

 

Eg er ikkje budd

 

Alt lagt til rette
For at vi skal vera budde
For at vi skal tenkja, kjenna, sjå
Gjenoppleva
Høyra
Sjå
At vi skal kunna sjå utan å sjå
At vi skal kunna høyra utan å høyra
Gjenoppleva utan å gjenoppleva
At vi skal kunna forhalda oss til det uhyrlege utan å –
Ja

 

Eg prøver

 

(folk er allereie trøytte, det stod i førre veke,
no kan det sjølvsagt ha snudd, men
eg er ikkje budd

 

Eg kvir meg

 

Det er kanskje ting eg kunne gjort betre,
Eg kunne lese meir, eller:
Men
eg kan ikkje leva bak skotsikkert glas;)
I lang tid
Har det vore snakka om
Skal det snakkast om
Det blir snakka om
Kva som skal snakkast om
Kva som har skjedd
Kva som skjer
Kva som skal skje
Korleis eg skal bu meg
Telt av folk
I ytringsfridomens teneste

 

Tjukke tunnelar av kablar
Over trikkeskinnene

 

det går ikkje

 

Kva som helst kan skje når som helst

 

3 DU ER TRYGG

Dei snakkar på radioen, dei seier: kva seier vi til dei minste
Dei får med seg mykje, dei minste, men ikkje alt, seier dei på radioen;
som om det ville vore betre
for dei minste
om
dei fekk med seg alt

 

Du er trygg

 

for det er ikkje slik vi har det i dette landet, det er ikkje slik vi skal ha det, at vi ikkje skal kunna vera trygge, vi skal vera trygge, heilt trygge, så trygge at når noko likevel skjer, så er det feil ein stad, nokon må ha gjort ein feil

i dette landet
For her er vi trygge
Og det er det vi må forklara ungane

For ingen skal få endra på det

Det verste, det aller aller verste, det som er så uhyggeleg at du ikkje kan førestilla deg det; dei bileta du fantaserer om når ingen veit det, når det er mørkt, når ingen ser – at desse bileta berre er byrjinga
på det uhyrlege
som no er skjedd, på ordentleg, at det som har skjedd er mykje verre -

Det er slikt som ikkje kan skje, som ikkje skjer, for det skjer ikkje, barnet mitt, det er jo det eg seier
Det er noko som ikkje kan skje, som har skjedd, og som ikkje skjer; det skjer ikkje
For det kan ikkje skje
Ingen skal få endra kven vi er

For mamma passar på
Politiet passar på
Det er andre stader, langt vekk og ikkje her, heilt andre stader at -
Ja

Du er trygg her
Her

Sov no -
Du kan sova
For det som hende, det hende ikkje her, det vil seia, det hende her, det vil seia, det hende nærmare denne gongen, men det hende ikkje deg, eller meg, for vi er ikkje råka, ikkje direkte, ikkje eingong nesten;
det er ikkje sant, det dei seier om at alle i dette landet kjenner nokon som … Eg kjenner faktisk ingen, ingen som er direkte råka, ikkje godt iallfall, ikkje som eg veit om iallfall … Men eg veit at den natta eg var oppe, natta etter at det hende:

eg hadde gjeve babyen mjølk;
eg gjekk og såg på skjermen igjen, og der stod dette forferdelege talet

klokka var 04.00

Men eg er ikkje direkte råka, så eg burde kanskje ikkje blanda meg, eller – dette er jo landet mitt, men – eller – eg er ikkje direkte råka
men
kanskje er det nettopp difor eg bør blanda meg, eg går alltid i surr, altså korleis er det
Når er det respektfullt eller bra å blanda seg, seia noko, iallfall spørja
Og når er det kanskje best
Å ikkje seia så mykje

 

4 KAN EG SEIA NOKO LIKEVEL?

Ikkje direkte råka
Kan eg seia noko likevel?

Det kjennest nødvendig
Men det går ikkje
Eg prøver

Det kjennest umogleg
Eg prøver
Men det går ikkje

For eg var der ikkje
Så kva veit eg;
Og kva gjeld det vasskjemma monstret –

 

Nei.Det blir feil.

For eg var der ikkje,
Eg var ein heilt anna stad;
Eg var ved mitt eige kjøkenbord, saman med min eigen kjærast, med mannen min;
Vi var i ferd med å gjera opp etter ein krangel
Vi sat og prøvde å vera vener
Prøvde gode miner, prøvde å så
Forsonande ord
Barnet – for vi fekk barn denne sommaren –
Sov
Og så, midt i dei halv- eller heilhjarta forsøka våre på
Å seia noko –

Kva var det eigentleg som hende
Her, midt mellom oss alle

Kva var det
eigentleg?

 

 

Tysdag 17. april

 

1. KRIG

Det handlar om at rettsamfunnet skal få verka
Det handlar om å belyst saka ordentleg

 

Alt
Kva som hende, i detalj
Når
Kvar
Kven

 

Dette handlar om ein gal manns verk, var det nokon som sa
Det handlar om vondskap
Eller sjukdom
Om det er sjukdom eller vondskap
Vi veit jo kva som hende, er det nokon som seier
Kva meir treng vi å vita

 

Vi treng ikkje vita meir, vi veit nok, sa nokon, men nokon tok feil
Vi er eit demokrati
Det er det dette handlar om, at vi er ein rettstat, slik at
Eit utsagn som:
Eg hatar det du meiner, men er villig til å dø for din rett til å seia det,
høyrest fint ut
Før det faktisk blir nødvendig

 

Vi skal gje han det han hatar mest, var det nokon som sa
Vi skal behandla han humant
Som om han har rettar
Slike rettar som vi trur på; menneskerettar
Det er vår hemn: å behandla han anstendig
Det er vår hemn

 

Han må forklara seg, forklara, at han må få gje sin versjon og forklara kvifor
Det er ei søyle for oss, dette
Slik må det vera
Han må få lov å forklara seg,  for vi er eit rettsamfunn
Han vil gjerne forklara seg -
Og han skal få forklara seg, vi skal gje han det han hatar mest
Han skal få forklara seg
Og det går bra
Det skal vi tola
Vi er budde
Eller -
Vi er kanskje ikkje budde

 

Det er ikkje  mogleg å vera budd, men vi er demokratiske, og opne, og difor skal han få lov å få den rettstryggleiken
Som vi meiner han skal ha
Som vi er villige til
å døy
for at han skal ha
Han skal få forklara seg

 

Så lenge vi ikkje høyrer kva han seier

 

Vi skal berre ikkje høyra kva han seier
Vi skal for Guds skuld ikkje høyra kva han seier
Vi veit kva han kjem til å seia, vi har googla i smug, sett filmane i smug, lese manifestet
Vi veit kva dei skriv, meiningsfellane
på debattsidene

 

Dei er overalt
Vi må for Guds skuld la han snakka
Men for Guds skuld ikkje høyra kva han seier

 

Dette handlar ikkje om han
Det handlar om oss
Samfunnet vårt, at vi skal halda fram som før
Det handlar om at dei som er råka skal få sjå han
Det handlar ikkje om hemn
Det er ingen av oss som tenkjer på hemn
Eg finn det ikkje naturleg;
Hemn ligg ikkje for meg
Vi skal gje han det han hatar mest
Det er ikkje det dette handlar om
Dette handlar ikkje om hemn

 

”Spørsmålet om han er tilrekneleg, er det einaste opne spørsmålet i denne saka”,
seier ein mann på radioen.
”Det mest påfallande i denne saka er det ekstreme innhaldet og den siviliserte tonen”,
seier kommentatorar.
”Det mest iaugefallande er kjensleløysa hans versus gråten når han ser sin eigen film”.
”Kvifor græt han?”, det var gårsdagens spørsmål, i time etter time; kanal etter kanal

 

Men i dag

 

I dag skal han forklara seg
Han skal seia: vi er i krig
At vi er krig
Og vi skal le det bort, i vond hån
Krig
Vi er ikkje i krig
Vi kjem til å lukka øyra, så lenge vi klarer
Bortsett frå nokre av oss, nokre få som er samde, men dei -
Vi får håpa dei ser
Kva den slags retorikk
Kan føra til

 

Han skal seia at vi er i krig
Vi skal smila
Vi skal smila trist
Rista på hovudet
Og ord skal sladdast
Redaktøransvar

 

Han skal ikkje få nokon talarstol
Han skal ikkje få kriga
mot oss
Han skal ikkje få rett
Vi skal vera opne og demokratiske og slett ikkje i krig, vi skal la han snakka men vi skal for Guds skuld
Ikkje høyra kva han har på hjartet

 

Men tenk om han har rett
At han er i krig

 

Han seier han er i krig;  i krig med oss
Med meg
Han er i krig med meg
Det er det han seier, er det ikkje?
Han har erklært krig mot meg

 

Han vil gjerne drepa meg
Kan vi bestemma at han tek feil?

 

Ja
Vi bestemmer at han tek feil
For vi trur på visse verdiar
Vi er demokratiske
Og opne
Og vi er villige til å døy
For at han skal få stå og seia
At han vil drepa oss

 

Vi er ikkje i krig
Vi vurderer det ikkje ein gong
Vi krigar kanskje der ute; langt vekk ein stad, for visse verdiar
Og det er dei same verdiane
som gjer
At vi her
Med hovudet heva kan seia:

Vi skal la han snakka
Han har visse rettar, som eg er villig til å døy for:
At han skal få snakka

Men aldri faen om eg vil høyra på det han seier

 

Vi er i krig

 

2. ULV

Vi har ein ulv i hagen
Eller
Det er ei spissformulering
Ein ulv luskar rundt i nabolaget her
Eg las det i avisa

 

Eg er glad i dyr
Eller
ikkje hundar
Eg er redd hundar
Men eg er glad i dyr

 

Eg meiner, og eg seier det gjerne over ein middag: at mennesket kan ikkje underlegga seg naturen, korleis skulle det då gå, om til dømes afrikanarane og indarane og brasilianarane og alle dei, berre drap, berre underla seg, berre fjerna det dei ikkje likte, ikkje sant
Berre tok det vekk

Andre er faktisk vande med rovdyr i hagen
Det handlar om forhåndsreglar, om koeksistens, eller sameksistens, at nokre er menneske og andre er løver men at begge er like mykje verd, eg meiner; ikkje like mykje verd -
Men at sjølv om løvene og tigrane og isbjørnane kanskje er farlege eller på annan måte i vegen, eller at det er vanskeleg av andre grunnar å leva fredeleg side om side -
Nokre ville hevda at isbjørnen og mennesket ikkje er meint å leva saman, fordi isbjørnen likar is, og mennesket likar skytevåpen, og samstundes kan ein verkeleg spørja kven som er mest aggressiv, fordi sjølv om mennesket har skytevåpen så er det vel helst snakk om å forsvara seg

Isbjørnen spør ikkje om lov
Isbjørnen er svolten
Slik er det
Men eg likar altså rovdyr, eller –
likar og likar, men eg ser verdien av mangfald,
artsmangfald

og eg tenkjer som så at kanskje vi må finna måtar å leva saman, at menneska må innretta seg, det er berre is, det isbjørnen vil ha, fordi isbjørnen likar sel og det gjer også ein god nordmann
det er berre amerikanarar som ikkje likar sel, eller jo – dei likar å sjå på og svømma og dansa med selen,
men ikkje å eta

men poenget er at det finst sjølvsagt utfordringar knytt til å leva side og side, altså med selen, nei eg meiner: bjørnen. Anten må vi leva åtskilt, eller så må vi ta høgde for at det kan bli nokre konfrontasjonar

Men det er jo ikkje isbjørnar i hagen min, men det er heilt sant at det stod
at det var observert ein ulv
-
ein einsam ulv -
På ei slette eit par kilometer herfrå

Eg har ikkje noko imot ulv
Eg har aldri sett ulv
Eg ville vel aldri tenkt på ulv, viss ikkje det var for at eg akkurat no har eit barn på under året som søv ettermiddagsluren sin
i hagen

Det hender eg spør familiemedlemmer: kva gjer eg viss eg møter ein bjørn i skogen, ein sint bjørn, sei: ei binne med ungar under året
Desse familiemedlemmene mine som er særs økologisk orienterte stønnar og seier: eg skal vera glad, viss det skjer, for det skjer ikkje, det er så lite bjørn i dette landet og heile spørsmålet viser at eg er hjernevaska av skremselsmakarar som har eigeninteresse, som er styrte av

frykt
og
hat
mot bjørnen. Eg seier at eg er glad i bjørnen, men at eg berre som ein unødvendig tryggleik, for mitt eige psykiske velbehag, kunne tenkt meg å gå gjennom ein strategi for kva eg skal gjera, viss den sinte binna med ungar
under året
Blir sint
Og kjem springande mot meg, det er berre det eg lurer på. Skal eg brøla, springa eller spela død?

Men dei økologisk orienterte familiemedlemmene mine vil ikkje svara, for dei meiner spørsmålet er feil. Eg vil ikkje møta ein bjørn, og viss eg gjer det skal eg berre vera glad.

Men herregud, det er ei avsporing; det er ikkje bjørn her i nærleiken, synd i grunn -
eg som nesten aldri kjem meg ut av huset
Eg skal sikkert leva eit heilt liv utan å få sett bjørn
Å, så fint det hadde vore, eit stykke ekte natur

Men kvar var eg, jo:
Ein einsam ulv -
Eit par kilometer unna -
Ikkje noko å vera redd for
Det er klart, det er berre fordi eg er relativt nybakt mor, med barn under året, at eg

 

I det heile tatt
Tenkjer på det

 

Onsdag 18. april

 

1. EI KJENSLE

Ei hårreisande, irrasjonell kjensle

Sikkert berre ein livleg fantasi

Men eg har hatt ei kjensle:

Det vil komma ei tid då menneska igjen får lyst til å

Rydda

Vaska

Fjerna

Reinska opp

 

YouTube sitt forhåndsvisningsbilde

 

 

VEKE 2
Fredag 20. april

 

PÅ SLETTENE

 

EG: Eg har elska med eit spøkelse

DEI: Kvar?

EG: På kyrkjegarden. Eit redselsfullt vesen som livnærer seg på andres død. Og angst. Eg var alltid åleine. Eg har spurt kvifor, kvifor vel eg å leva, når eg alltid skal ha denne kjensla, den hole kjensla i meg, alltid, at det var betre med død – ?

DEI: Kva meiner du

EG: Eg har elska med eit spøkelse på sletta

DEI:  Det er altså her at våre oppfatningar skil lag

/

DEI: Når var du ute

EG: På slettene?

DEI: Ja

EG: Eg var ute på slettene
Det er det eg ikkje vil kommentera

DEI: Du forstår at desse du kallar spøkelse –

EG: Det er pompøst

DEI:  Pompøst?

EG:  Ja, det er pompøst.

DEI: Så det er ikkje sant?

EG: Jo, det er sant, men eg forstår at for deg, som ikkje trur på spøkelse, så framstår det som pompøst. Eg må finna andre ord. Beinrangel. Eg har kanskje ikkje gjort det rette valet, rett val med ord, men altså, for meg er dei spøkelse, vakre spøkelse, som eg har dansa med

DEI: Kva legg du i dansa?

/

EG: Det kan eg ikkje kommentera

DEI: Kvifor ikkje?

/

EG: Då vil dei ikkje kunna dansa mei
Eg er ikkje åleine
Vi er mange som dansar, som vil dansa, vi øver på ulike trinn

DEI: Det ville vera enklare å forstå om du kunne fortelja

EG: Kva

DEI: Når – ?

EG: Det vil eg ikkje kommentera

DEI: Men du veit korleis det blir tolka

EG: Kva

DEI: Dansen

/

EG:Eg har sagt det som er å seia

/

DEI: Du forstår at det høyrest litt sjukt ut
Trinna dine

Du avskum
Du avskyelege

 

Einsame

 

 

Måndag 23. april

 

1.   MINNER FRÅ EIN LUKKELEG KOMMUNISTSTAT

Tre pølser til kvar

Søttandemai-faner med barn
i alle fargar
Taktfaste
Hurra

 

Du skal ikkje sladra
Han har ikkje hatt det lett heime,
Han som skriv KUK
på veggen

KUK
KUK
KUK

Det viktigaste er å delta
Ikkje mobb kameraten min
Med mindre handbagasje –

 

Ein lærar knekker peikestokken
i sinne, fordi vi ikkje er nok opptekne
av rettferd

For det er i dykk, barn,
i dykk at håpet bur; det er berre de som kan ta ansvaret, de ser kor dumme vi vaksne er, ikkje sant?
Men de, barn, de er framtida, de eig framtida, og det er sant, heilt sant, at berre DE kan
gjera ein forskjell

 

Og han som skriv KUK på veggen, han har det sikkert ikkje så lett heime;

 

at vi brettar mjølkekartongar
og pressar dei saman
og stappar dei i kvarandre, kva får vi då?
Vedkubbar

Fine vedkubbar

at framtida
framtida ligg i hendene dykkar, barn
millom bakkar og berg!

 

og at vi er nøydde til
å redda
regnskogen
Pandabjørnen
Joppe

rädda Joppe (død eller levande)

Du skal ikkje sladra
med mindre nokon får vondt;

 

Vi kjem frå Stedje Barnehage, ja;
difor ropar vi høgt
Hurra
Hurra, Hurra, hurra!

 

Du skal ikkje slå, jenta mi; kose mamma, ikkje slå

 

Høyrer du? Du skal ikkje slå, det er ikkje lov å slå, og ikkje å ropa; for krigen er over for lenge sidan og heime hjå oss, heime driv vi ikkje og ROPAR. Tenk kor heldig du er, i verdas beste land, og med to foreldre som nesten aldri kranglar – vi ropar aldri! Korleis skulle det vore, jentemor, om mamma og pappa ropte slik som deg. Vi er ein fredsnasjon. Du er veldig veldig heldig. Tenk, i verdas friaste land; ingen har det så godt som deg! Høyrer du! Tenk i Afrika, blir magen stor

 

Vi skal vera vennlege
Vi skal vera vennlege
Ikkje rop!
Vi skal vera vennlege

 

Og alle må få komma i bursdagen, sjølv om du ikkje likar Nina, og alle må få komma i barnehagen, til og med han som skriv KUK på veggen

 

2. FOR LANGT FRAM

Det er som å sitja i ei gravferd

Og tenkja:
Sit eg for langt fram

 

Dei ved sida av meg stod han nærmare

 

Å nei
Eg har sett meg for langt fram

 

Og så –

 

Å herregud
No spelar dei Bach
Kvar gong det er gravferd
Og dei spelar Bach:
Eg byrjar å grina

 

Det passar verkeleg ikkje!
Eg kjenner han ikkje godt nok; kva vil folk tenkja?

 

Slik er det
Eg har sett meg for langt fram
Eg har reist meg, gått til mikrofonen
“på vegne av oss som kjende han godt”, byrjar eg,

 

Men eg kjende han ikkje så godt
Eg vil så gjerne seia noko! nokon må seia noko, noko vesentleg, som betyr noko! ikkje berre desse –

 

å herregud. Desse songane –
sa eg det

 

Tysdag 24. april

 

VAKUUM

Vakuum, berre eit vakuum,

 

Liksom, som at

etter den store samtala,

med Gud, eller eg meiner djevelen –

 

poenget er: etter at all himmelens harme

hadde regna over meg, etter at eg hadde blitt herja

av landeplager og kroppsplager og sjeleplager i sju år,

og etter at han – denne –

hadde teke frå meg alt

 

Satan, spurde eg –

 

Visste ikkje om det var rett tiltaleform, eller om det spelte noka rolle, men eg hadde iallfall bedt om svar, ei slags
Forklaring

 

Angrar du? spurde eg –

Og kva var det som skjedde?

 

Og Satan kom fram med smilet sitt, eit smil som likna –

Jo, det likna eit smil, det var inga

Grimase

Det var faktisk eit godt smil,

Sjarmerande

Berre at

Det kom

Frå

Han

 

Ja, og så hadde vi ei samtale, og djevelen forklarte, han drakk vatn og var forklaringsvillig; gjekk gjennom alt

Nærmast vennleg (men han angra ikkje)

 

Vakuum, som ein slik pose til å pakka gamle klede i (og så tek du støvsugaren og sug ut lufta)

 

Onsdag 25. april

KOMMENTARIATET

 

YouTube sitt forhåndsvisningsbilde

 

Fredag 27. april

 

INFILTRASJON

Politiet måtte altså legitimera seg, for elles kunne dei bli skotne på staden, men tenk om

 

Eg tvinnar fingrane

saman

i ei bøn

 

Alt filtrar seg inn i noko anna

Eg prøver å be, men

blir distrahert

 

Eg tenkjer på

 

Nei

 

Vi må prøva å halda korta beint

Bordet reint

Eg meiner;

Tett, altså korta; eller frå kvarandre

Vi må prøva å snakka

Eller

Å ikkje snakka

 

Eg har lyst å ta opp nokre ting, altså, eg har hatt denne kjensla lenge, at nokon burde tatt opp nokre ting, liksom: kva som er viktig, kva er det som eigentleg står på spel; kva er det vi driv med i dette samfunnet vårt, liksom, at vi fekk tatt opp nokre ting, verkeleg – men så mister eg fokus
Eg gløymer meg bort før eg kjem til poenget,
og når eg endeleg får sett meg ned og prøvd å fanga mine eigne formuleringar
som syntest så presise
sist eg tenkte dei;
Før har det vel vore slik at verda har lege og pumpa med all sitt alvor, men at det har vore ein annan stad
Brått kom livet hit
og alle redslane mine som til no har vore – kva skal vi seia – irrasjonelle? Eg sa til psykologen, eg er redd heile tida! eg sa det er tre ting eg er redd for 1)ny verdskrig med utspring i midtausten 2) overgripsvaldtektsmenn i oppgangen og 3) at det skal komma ein slange opp av do. Psykologen sa at:
alle desse tre tinga var ting som faktisk kunne skje
Eg var kanskje ikkje gal
Det var faktisk farleg, og det gjorde meg litt rolegare.

Eit par dagar etter så stod det ein avisartikkel om nokon i Kristiansand som hadde fått – ja rettnok ikkje ein slange, men ei anna form for krypdyr under dolokket. Kanskje ei øgle.
Dette syner at psykologen hadde rett
Eg er ikkje paranoid schizofren; redslane mine er
heilt
reelle


Måndag 30. april

 

1. PAUSE

Er det pause?

Kva meiner du

Ingenting som skjer;

Det verkar som at det er pause

Ja då er det vel pause

Pause frå kva?

Nei det var noko som hende her, noko som kjentest viktig, noko grusomt, noko som angjekk oss

Ja?

Eg gjekk i tog, sang songar og snakka

Det var nesten fint

 

Unnskyld

Veit du –

Er det noko som skjer, eller

Har dei flytta seg

Nei det var nettopp ein masse folk her

Det var nettopp

Det var –

 

Passar det, eller?

Det passar sikkert ikkje

Du må berre sei ifrå viss det ikkje passar

Nei eg berre tenkte, liksom, eg vil ikkje bry meg, meiner ikkje å grafsa, men altså, eg har jo høyrt – du veit, veggene her er tynne

Ein høyrer jo eitt og anna, ikkje sant, når ein høyrer eit Dunk så er det ikkje så lett  å vita kva som dunkar

Forstå meg rett

Når eg høyrer dunk så forheld eg meg til dunk, eg driv ikkje og diktar

og fargelegg

 

2. PAUSEFISK

Blå, grøn, gul.
Eg er ein pausefisk og eg sym rundt i bassenget
Ventar på at det skal komma ein dupp
Og når det kjem ein
dupp
i skorpa, så nappar eg
opp
og
snappar

 

Opp, opp, opp

 

Lydane frå utanfor; som underleg døyvde ekko
Skuggane frå det som  –
Eg er ein pausefisk
Og har det godt

 

Eg har så dårleg hukommelse. At eg gløymer byrjinga på setninga før eg ikkje hugsar kva eg kva skulle til å eller
Som før eg sovnar
Vi har så dårleg hukommelse
Og det er deilig
For vi har gløymt kva vi ventar på, her inne
i bassenget
Gløymt kva som venta oss, den dagen – kva? Dag? Kva dag?

Berre ei helg –

 

Tysdag 1. mai

 

1. TI RAUDE ROSER

Du seier at du elskar meg
Men det blir for enkelt

 

2. FRED

Eg vil berre at det skal vera fred
Er det lov?

Eller er det
å begrava
hunden
på håra

Smerten er overalt, og eit empatisk menneske tek del i andres smerte, og
Eg tenkjer: Ja. Det er rett
Eg er ikkje avemosjonalisert
Eg vil ikkje vera avemosjonalisert
Kjære Gud, lat meg ikkje vera avemosjonalisert, lat meg kjenna andres smerte!
Eg vil vera eit menneske

Men så – likevel

Som etter ei lang skitur, ein beinhard ein, ein heilt forjævlig smertefull
og utmattande skitur frå helvete –
eg elskar å pina meg sjølv;
verkeleg
det er herleg
at eg kan elska fysisk pinsle
for så
å seinka meg
ned
i jaccuzien

Eg kan stå opp,
det er ikkje det.
Eg kan reisa ut
Eg vil
Eg har ikkje gjort det, men eg vil det, kunne godt ha gjort det;
då eg var ung; at eg ikkje har gjort det
er meir av omsyn til
andre

Folk blir så redde for meg;
Eg er ikkje ein sånn ego individualist som berre reiser ut, og frå alt, men det er klart,
eg kunne gjort det:
Reist ut
I helvetet
Og teke del

 

Reist og jobba for fred, altså paradis, på jord, der det er helvete
det har eg hatt lyst til

 

Kanskje viss vi var du og eg: utan bindingar, vi skulle stått i det og kjempa,
stått i kva, spør du?
I helvetet, svarar eg
Saman
og viss eg var lege for eksempel: dag og natt
for å hjelpa
i krig
-
men så kjem ei tid for å reisa heim, tenka på dei rundt seg, og på andre

 

Det må gå an ta seg ein pause, berre, utan å bli mistenkt for å vera falsk

 

Onsdag 2. mai

  

1. MINNER FRÅ EIN LUKKELEG KOMMUNISTSTAT #2

Eg virra litt att og fram: først: LIKELØNN NÅ, men så vart eg sånn i tvil, liksom, eg vil jo ikkje ha planøkonomi, trur eg då, nei det vil eg verkeleg ikkje, men altså, eg tykkjer jo at typiske kvinneyrke i offentleg sektor godt kunne …. ja, og det har jo også med rekruttering å gjera, men så var det så deilig sol ved stortinget, så då gjekk vi ut av toget og såg på ei stund, vart einige om at etter LIKELØNN NÅ, som kjentest veldig konkret og bastant sjølv om eg ikkje heilt forstod konsekvensen av innhaldet (fordi eg meiner jo at to menneske med lik kompetanse i same stilling bør få same løn, men eg meiner jo at  den usynlege handa også har noko for seg, og dessutan er jo faktisk den flinke frisøren dyrare enn den dårlege, men akkurat det siste der er dumt, for eg skulle gjerne klipt meg for 300 kroner) iallfall at etter å ha gått under LIKELØNN NÅ så tenkte vi at vi kunne stå i sola ved stortinget og høyra litt på den fine korpsmusikken og sjå på dei fine korpsjentene frå Sinsen Janitsjar eller kva det heiter, og at vi godt kunne stå til FREMTIDEN I VÅRE HENDER skulle komma på slutten, eg visste ikkje heilt kva eg støtta ved å gå der heller, men dei høyrdest ut som noko ein kunne støtta, noko med meir SVEV i, som noko meir poetisk eller verdibasert som gjeld heile skitten men då FREMTIDEN I VÅRE HENDER kom og vi måtte gjennomføra vår eigen plan og hoppa inn i toget, så enda vi opp i lag med ein gjeng som ropte LEVELØNN NÅ, og dei hadde plakatar og ropte veldig høgt, og så vart eg usikker, kva er LEVELØNN? jo det er iallfall noko anna enn SULTELØNN, og eg meiner jo sjølvsagt at folk i Asia som syr klede bør få nok betalt til å kunna leva av det, elles blir det vel slaveri, men liksom: skal vi slutta å handla eller berre kjøpa norske varer i staden då, og kven sine interesser tener eigentleg det … eg byrja å lura for mykje igjen, på kva som var greia, eg byrja å tenkja for mykje, eg stressa noko jævlig – tenk om eg vart sett av nokon, sett under parolen LEVELØNN, IKKE SULTELØNN og  - eller – fairtrade er jo bra, men eg er usikker på om det er noko å krevja av … kven? politikarane? ja kven er det folk (vi) ropar til i dette toget, eigentleg? byrja eg å tenkja, liksom usikker på om eg hadde tenkt gjennom konsekvensane av min eigen parole, men så gjekk vi forbi nokon vi kjende, som stod lenger ned (eller opp? har aldri forstått om det heiter opp eller ned til slottet) på Karl Johan, og vi klemte osv, sa at det var lenge sidan sist; og dermed hadde dei som skrålte LEVELØNN gått forbi, og då var det nesten ingen parolar igjen, men så kom det to som vi enda opp med, kva anna skulle vi ta? det var KULTUR ER KULT eller kanskje var det den rett framfor, den som heitte KUNSTNERE TRENGER OGSÅ PRODUKSJONSLOKALER og der vart vi gåande, og det passa vel kanskje like bra, å ropa på noko som gjaldt oss sjølve. Vi treng jo faktisk produksjonslokale. Då kan iallfall ingen sei at eg hykla.

 

2. PAUSE BETYR SLUTT

Eg vil ikkje vera ein sånn pauseperson

Eg vil vera 

Eg prøver, prøver å konsentrera meg, vera tilstades,

Berre i mitt eige liv er det vanskeleg, men eg må prøva; nokre gonger kan eg tenkja at ja: særleg i mitt eige så er det vanskeleg å vera nær

Nokre gonger kunne det kjennast tryggare, eller iallfall tydelegare, det vil seia lettare å vera nær det som hender andre stader, med andre; til dømes så fantastisk at du tok den jobben, at du sa ifrå, at du køyrde bilen til helvete

tok operasjonen
Det har du fortent
Mange gonger kunne det vera sånn at eg kunne kjenna det til margen, når ein venn av meg mista lommeboka eller hukommelsen eller respekten for seg sjølv
Fy faen, sa han det? det må du ikkje tillata
Berre dra til han, slik skal ingen behandla deg, det fortener du ikkje, min beste venn!
I mitt eige liv er det nokre gonger verre, sjølv om – viss det klør, til dømes, pga eksem eller sei at det ligg eit rusk i skoen; akkurat slike ting er vanskelege å gløyma

Men svære endringar i mitt eige liv,
som til dømes har med kjærleik eller tap,
kan eg bruka år
på å ta inn
Jøss – er eg gift? Og så med deg?

Eg kan kjenna meg einsam av gamal vane
Trist av gamal vane,
At når lukka kjem så er eg ikkje alltid med, som om lukka ikkje har med meg å gjera
Men altså, ikkje sånn å forstå at eg ikkje nyt å vera lukkeleg, det er berre det å få det med seg
Berre litt tungnem
Litt vanskeleg å vera 

 

Men nokre gonger blir alt så vondt

at tilmed når det ikkje angår meg direkte,

Blir det for stort og umogleg

 

Skal eg prøva å halda fast

I ein smerte som berre er til låns

 

Eller skal eg ta ein pause

Unna meg ein pause

Leva mitt eige liv

Unna meg ein augeblinks

 

Velvere

 

Torsdag 3. mai

 

SÅRT SAKNA

Det interessante her

Det einaste opne spørsmålet

Det ubehagelege, som ingen enno

Eller:

Det viktige

Det denne saka eigentleg handlar om

 

Sårt sakna

YouTube sitt forhåndsvisningsbilde

 

VEKE 4
Laurdag 5. mai

 

1. Å IKKJE HØYRA

Å ligga i ein sjø

og ønska seg:

Ein himmel full av helikopter

Blått i båtar

så langt du ser

Å ønska seg: ikkje ro

Å ønska seg: bråk

Og sirener

Folk som ropar namnet

Mitt

Sitt

 

Å ligga på ei øy, og ikkje kunna røra seg, eg kjenner ikkje beina mine lenger

Dei har blitt del av fjellet

Å ikkje kjenna overgangen lenger, frå fot til fjell, eller til bekk
men det sildrar

Det er kaldt der nede, ved foten og fjellet; det må vera ein bekk

Men eg høyrer ikkje noko

På ei slette, det er stille

Heilt stille, no

Å ikkje høyra nokon ting; kjenna ingenting

Ingen støy lenger

Og månen

Månen nesten heil

Det blir kveld, og det regnar, det regnar så tett at månen blir utydeleg

Usynleg

regn og regn og regn

Å høyra ingenting

Mobiltelefonar

Høyrer eg ikkje

Stemmer

Høyrer eg ikkje

Skrik

Ulvar

Høyrer eg ikkje

(for eg var der ikkje)

Mine eigne hjarteslag

Øyresus

Høyrer eg ikkje

Skvulp frå båten som gnir mot brygga

Skvulp frå bølgene som slår mot båten

Brygga som knirkar

Når båten er der

Eller ikkje er der

 

Å ikkje høyra

 

Måndag 7. mai

 

1 KLOVNEN

Det står ein klovn

Med bombekoffert

Og vasskjemma lugg

 

Han står åleine og ser framfor seg

Men dette, seier mannen på radioen:

Er avskyeleg

For kva i helvete vil kunstnaren oppnå?

 

For kunstnaren som isceneset ei blanding av seg sjølv, klovnen og det vasskjemma monstret, 

han er gjennomført kynisk, spekulativ,  tankelaus,

for kva i helvete vil han oppnå?

 

For tidleg, seier ein musemsleiar
Utidig, seier ein teatersjef Dei må halda seg for gode til  dette, seier ein kommentator i ei av landets største aviser,

 

Vi skal vera forsiktige, det er for tidleg, og vi som ikkje er råka, ikkje direkte råka,
skal vera forsiktige
For vi var der jo ikkje
Vi veit ingenting

 

klovnar og kunstverk og spekulative gribbar
som så mykje som antydar
at ulven har noko med klovnen å gjera
klovnen har noko med oss å gjera
Han som antydar at det finst ein monster
i han sjølv,
Eller ein kunstnar i monsteret
Eller ein ulv i klovnen
Han blandar korta, for hugs:

 

Eit null er kun eit null
Ein ulv er kun ein ulv
Ein djevel kun ein djevel
Ein sinnsjuk kun ein sinnsjuk
Ein stakkars einsam tapar er kun ein stakkars einsam tapar
Ein bleikfeit bortskjemt vestkantstosk med pipestemme er kun ein bleikfeit bortskjemt vestkantstosk med pipestemme

No må vi ikkje blanda korta!

Han som så mykje som antydar at det vasskjemma monstret har noko som helst med noko som helst å gjera –
forsiktig

 

 

2 BLODTØRST

og i dag:

Nok ein statsråd.

 

Skulerett

Skanse til skanse

Det er dette som er demokrati

Det er dette det handlar om

Vi er ikkje som desse andre, som vi hatar å samanlikna oss med

Desse landa der makta rår; bestialsk, primitiv, blodtørstig

 

Vi er noko anna

Vi er høgkultur; stiller makta til veggs

Kler av makta

slik! Sjå no er makta naken

 

Der er makta

Sjå! Grisekjeften! naken.

Som ulvar, er vi, når vi vaktar dei, for vi følgjer med, som demokratiets vaktarar, at alt er

Rett

Og

Rimeleg

For her i landet skal ingen komma og tru

at dei er kalla,

noko meir

enn deg og meg

 

For det er dette det handlar om, demokrati, og det vakraste ved demokratiet,

sjølve juvelen

Er

Du og eg

At du og eg

Vaktar;

ein kvar maktperson, vi tek personen og seier Kle av deg!

Dei skal aldri kvila

 

Ho er så lett å gløyma, makta, at makta, makta, makta

Du skal ha gjort deg fortent

 

Eg veit kva som rører seg

Kva som rører seg, no, i folkedjupet

Det boblar no, i djupet

 

Eg er i kontakt

Djupet rasar

Djupet vil ha blod

Eg veit det,

For eg vil

Eg vil ha blod

For dette er juvelen, sjølve juvelen i demokratiet, fordi folkedjupet, det vil seia du og eg,

eller iallfall eg;

Vi godtek ikkje lenger

At makta rår

 

Og når alle plagg er falne

til jorda

og vi har kledd av makta,

Så –

 

Hjelp oss å granske statsrådenes pengebruk!!!

Søk i databasen og tips oss – klikk på de ulike statsrådene!

Mener du det er noen av tildelingene våre journalister bør undersøke nærmere, fyller du ut kontaktskjemaet tilknyttet tildelingen.  (Vg 23. April 2012)

 

 

Tysdag 8. mai

 

DET LIKNAR DEN STILLA

Det er ikkje det at det ikkje skjer noko;
det er ikkje at vi ikkje bryr oss;
men kva kan vi sei’

 

Pausen; over for lenge sidan
Det er ikkje det at vi har pause
Det er berre at det er
stilt

 

Stille; vi er stille, no

 

Det kan kanskje likna
den stilla vi
høyrer
eller ikkje høyrer
Når vi ikkje får sagt
Det vi skulle sagt

 

Eg elskar deg;
takk;
eller: unnskyld

 

Men det er ikkje slik. No, no er det noko anna, for det som skjer no, det er så uuthaldeleg, at
Ingen ord er nok
No er det betre,
no kjennest det nesten betre,
altså rettare,
å ikkje

 

sjølv om det liknar pause, eller den stilla,
men
å seia noko
no
ville kjennast
trøyttande, uttværande

som kjenslepumping, Vi vil ikkje pumpa
kjensler, Vi vil ikkje at det skal gå inflasjon i medkjensla vår, Kjenslene våre;
At medkjensla; orda våre
skal tappast for verdi; At det blir mas: Det ville vore forferdeleg.

Då er det betre
Å ikkje –

 

Sjølv om det liknar –

 

Onsdag 9. mai

 

FOR LANGT BAK

Det er som å sitja i ei gravferd

og så plutseleg kjenna:

 

Eg skulle sagt noko

 

Kjøpt ein krans

 

Torsdag 10. mai

VI TRUR PÅ MENNESKET

Vi trur ikkje på henging

Vi trur ikkje på steining

Vi trur ikkje på spøkelse

Vi trur ikkje på englar

Vi trur ikkje på julenissen, eller menneskeskapte klimaendringar

 

Vi trur ikkje på puter under armane.

 

Vi trur ikkje på embryoets eigenverd,

Eller retten til mor og far

Vi trur ikkje på djevelen

Og endå mindre på Gud

Dette er konstruerte heilagdommar;

Vi trur ikkje på dødsstraff

Eller moderne tempelriddarar

 

Vi trur på mennesket.

 

Vi kler han ikkje i oransje og let han knela

med munnbind, augebind og høyrselsvern

 

Vi trur på mennesket. Vi trur på mennesket. Det burde du også gjera.

Vi har visse verdiar.

Vi trur på mennesket.

Vi trur på mennesket.

Vi trur på mennesket. Det burde du også gjera. Det kan synast grusomt

Vi trur på mennesket, og er villige til kva som helst. Det kan synast grusomt

 

Grusomt, men nødvendig

 

YouTube sitt forhåndsvisningsbilde

 

 

VEKE 5 
Fredag 11. mai


OM Å KASTE SKO

- Dette er mit farvelkys, din hund, råbte journalisten og kastede med imponerende præcision sine sko mod præsidenten.

At blive slået med en sko er den ultimative fornærmelse blandt arabere, men Bush dukkede sig og slap derfor for ydmygelsen.

- Dette er for enkerne, de forældreløse og de dræbte i Irak, skreg journalisten igen, mens han blev overmandet.

(ekstrabladet 14. desember 2008)

 

Søndag 13. mai

 

SPEKULATIVT

Clash of civilizations

Spekulativt

Å driva og problematisera og seia

At ikkje alt skal bli lett

 

For folk å leva

 

Saman

 

ikkje folk og fe kan leva saman

I ro og mak

at det kan bli bråk

 

Spekulativt

 

Rasisme

Det er spekulativt.

 

Mandag 14. mai

 

FOR DUMT

Kva?

Skal eg liksom ikkje kunna seia

HALD KJEFT

Til ein riv ruskande idiotisk

person

Som innbiller seg

At vi ikkje har

Ytringsfridom

 

I dette landet

 

Kva? skal eg liksom ikkje kunna seia

DRA TIL HELVETE

Til ein person som seier

riv ruskande

dumme ting

Som til dømes at det finst ei slags form for

Sensur

 

Kva? skal eg liksom respektera og imøtegå ei kvar

Riv ruskande idiotisk

utsegn

Om at enkelte her er blitt litt

Arrogante

 

Tysdag 15. mai

 

1. KRIG

Det vi ikkje snakkar om: at vi er i krig.

 

Krig

 

Det er berre at vi er så vande med det, at vi har gløymt det. Så langt bak i den føkkings hjernen har denne vissa komme, at den stille konstateringa ”vi er i krig” kan synast – ja,
overdriven
krampeaktig
pompøs
Som liksom at den som seier det,  ”vi er i krig”, seier det for å trekkja merksemda mot seg sjølv, sjå, vi er i krig! Ja, takk, det veit vi. Slapp no av, tenkjer vi, slapp av: greitt, vi er i krig, men er det noko å masa om?
Greitt, vi er kanskje i krig, og ja, nokon døyr, og ja, vi veit det, og ja, vi har respekt og er audmjuke, og nettopp difor er det ikkje noko å masa om
Det er faktisk litt upassande, det er ufint
Ingenting å masa om
Det er upassande, det er kjenslepumping, den som seier ”vi er i krig” altså
for å sei det sånn:
han seier det berre for å fremja sin eigen agenda

 

Og det er faktisk ufint,

 

når folk døyr

 

2. FØRSTE OFFER

Eg vann og du tapte

seier han med ansiktet mot gjørma.

 

Eg har vunne og du har tapt

seier ho under ein skosåle

 

Vi har vunne og du har tapt,

ropar eit land frå ruinane

 

eit land som framleis trur på,

håpar på,

insisterer på,

 

er villige til å døy for

 

sanninga

 

 

VEKE 6

Fredag 18. mai

 

KVIFOR DEI ER SINTE

Eg er generelt godt likt.

Eg har eit godt forhold til meg sjølv og mine næraste, eg handsamar verdisaker med diskresjon.
Eg forstår det sosiale spelet.
Ikkje at eg spelar, men eg manøvrerer tilfredsstillande. Eg krenkar ingen og formulerer meg på ein måte folk likar.
Eg har slutta med periodane med grubling. Det var ein periode, eit par år, at eg grubla mykje, men så fann eg ut at det var betre å ikkje leva livet inni mitt eige hovud.

Det er vanskeleg å tenkja at nokon skulle vera sinte.
Viss nokon er sinte er det kanskje sår frå barndommen, kjensler virvla opp – på grunn av faktorar som ligg utanfor. Generelt likar eg å omgåast vennleg og respektfullt. Eg meiner at konfliktar lettare kjem til ei løysing då. Heller enn rop. Det blir ikkje konstruktivt.

Eg er ikkje ein person folk blir sint på. Eg er mild. Men nokre gonger er folk så oppslukte, og då spør eg meg sjølv korleis eg skal forhalda meg. Eg spør meg sjølv, og eg svarar, eg går i drøftingar og følgjer nøye med på mine eigne reaksjonar over tid.

Og når eg kjem fram til noko, så deler eg.
Ingen vits at eg skal sitja på min høge hest, med erkjenningane, som har teke tid å komma fram til, når andre kan få gratis. Slike ting har med kultur å gjera. Eg blir ikkje sint. Eg er berre slik, ein roleg person, med tankar, som eg deler.
Nokre menneske, frå ein annan kultur, blir sinte, men som sagt, eg eg prøver å sjå forbi, sjå forbi forma, viss du forstår, eg tenkjer at det har med kultur å gjera.

Eg trur ikkje det har med kultur å gjera. Eg trur ikkje éin kultur er aggressiv. Viss nokon seier dei ikkje likar min kultur, så seier eg at det ikkje er det det handlar om. Det handlar om at eg har noko dei ikkje har. Ro. Tid til å tenkja. Denne veldige tryggleiken, sjølvkjensla. For nokre kan det synast provoserande. Eg trur ikkje det er kultur.

Viss du brøler, snur eg ryggen til.
Det blir feil viss raseriet får setja agenda.
Eg går aldri i dialog med ein som brøler.
Let meg ikkje styra; let meg aldri skremma; aldri skremma til å gløyma kven eg er.

Eg kan drikka te, men ikkje vera i relasjon til raseri.
Eg held fram som før.
Eg held fram som før.

Viss nokon frå andre kulturar vil komma og henga på hushjørnet og kanskje ropa  på eit framandt språk, på ein måte eg oppfattar aggressivt, så tenkjer eg at dette har med melodien å gjera, i språket, og at dersom dei faktisk er irriterte så har det ikkje med kultur å gjera. Rein irritasjon. Hjørnet har ikkje vore pussa opp på ei stund. Eg har ro, sjølvkjensle og så handlar det om heilt enkle ting som brød på bordet. Folk trur dei er sinte, men eg trur det er fordi dei ikkje har brød – eller, dei er usikre. Det er angsten. Dei fryktar om dei får.

Men det er nok brød.

Eg både tolererer og ikkje tolererer. Det er noko med å vera bevisst. Og denne fridommen, denne fridommen til å vera den ein er, til å seia hit men ikkje lenger, den set eg høgt. Så grenselaust høgt.
Den fridomen, den er så vakker.
Eg er villig til å dø for at sjølv min verste fiende skal få smaka litt av den.

 

Hit, men ikkje lenger.

Men dersom nokon i andre kulturar set seg opp mot det eg held av  –
Dersom nokon i andre kulturar blir undertrykte –
Dersom eg ser nokon som ikkje respekterer
grensene
som folk burde få lov til å setja fritt

Dersom nokon rett og slett ikkje forstår kva eg snakkar om, berre insisterer på sine eigne førestillingar, nektar å gå i vennleg og respektfull dialog
Dersom nokon insisterer på raseriet sin logikk –

 

Måndag 21. mai

 

1. HOL

Pusten tung

Hol i brystet

spring og spring og spring

For å gjera verda til ein betre stad

 

 

2. JESUS

Og i dag har vi ingen statsreligion lenger, ingen Gud eg kan få inn med morsmjølka

 

Men ikkje misforstå

Vi er ikkje åndslause

Vi har visse verdiar, som eg skal få inn med morsmjølka, berre ikkje Jesus

Det er andre ting

Ting som ikkje kan samanliknast, fordi dei til forskjell frå Jesus eller andre profetar som folk måtte bekjenna seg til, ikkje kan diskuterast

Desse verdiane er heva over ein kvar

 

tvil

 

“Då det å godkjenne det naturlege menneskeverdet med like og umissande rettar for alle menneske på jorda er grunnlaget for fridom, rettferd og fred i verda,” står det skrive,

“og då hån og vørdsløyse mot menneskerettane har ført til barbariske handlingar som har skaka samvitet til menneskeætta, er framvoksteren i den verda der menneska skal ha talefridom og trusfridom og vere løyste frå otte og naud, kunngjord som det høgste målet for kvart menneske,” står det i innleiinga frå skriftene I 1948

“og då det er nødvendig at menneskerettane blir verna om av lover slik at menneska ikkje blir tvinga til å finne den siste utvegen i å gjere opprør mot tyranni og trælekår,

og då det er nødvendig å arbeide for betre tilhøve mellom nasjonane,

og då folka i Dei Sameinte Nasjonane har stadfest trua si i denne pakta, på grunnleggjande menneskerettar, på menneskeverd og på same rett for mann og kvinne, og har vedteke å arbeide for sosiale framsteg og betre levevilkår i større fridom,

og då medlemsstatane har bunde seg til å fremje allmenn vørdnad for pakta og halde seg etter menneskerettane og den grunnleggjande fridomen i samarbeid med Dei Sameinte Nasjonane,

og då denne retten og fridomen må bli godkjend av alle dersom pakta skal bli røyndom,” står det – alt dette er berre første setning i innleiinga:

“kunngjer

generalforsamlinga

den internasjonale fråsegna om menneskerettane,

som skal peike mot eit sams mål for alle folk og nasjonar.”

 

Tysdag 22. mai

 

1. TYPISK NORSK

Ikkje for å skryta, men

Vi må vel kunna innrømma at vi har visse verdiar

Vi har vel vore, eller, vi må vel kunna kalla oss forbilledlege

Vi er jo gode

Altså, måten å takla det på

Det er jo ikkje fordi vi er naive

Vi baserer oss på tillit

Vi er baserte på tillit

Ikkje mange som kunne køyrt eit så tillitsbasert opplegg

Vi stolar på kvarandre

Det er lite skilnad, ikkje sant, vi er på same nivå, i same sko, eller båt

Står side om side

Det er klart at dei fruktene vi nyt godt av, det er på mange vis eit resultat av
Ærleg arbeid

Vi har jo sett ein enorm vekst

 

Så viss du skal komma her og no, i den sårbare situasjonen vi er i, no, og byrja å stilla spørsmål og problematisera

 

stilla deg utanfor

 

2. HEKSEJAKT

EG: Heksejakt

Det er det det er.

DEI: Kva då?

EG: Eg er utsett for det

DEI: Å?

EG: De likar ikkje at eg dansar på slettene

/

EG: De trur meg ikkje, nektar å diskutera

De seier at hekser ikkje finst

Forstår de ikkje?

DEI:Kven dansa du med

EG: Det er rein sjikane

De ser ikkje kva land vi lever i!

De veit ikkje kva heksekunst er!

/

EG: De latar som at de ikkje ser meg
Fordi de ikkje trur på spøkelse
Vil ikkje tru

DEI: Når var det du dansa

EG: Eg let meg ikkje trua

/

EG: De truar meg meg, seier eg er paranoid!

/

EG: Slutt å sjikanera meg
Slutt å halda meg nede

DEI: Fortell

EG: Eg nektar å dansa den dansen der!

/

EG: Nektar å la meg tvinga
Skyt meg!
Brenn meg!
Sett meg i bur
med massermordarar og satanistar!

/

EG: Tingen er
Eg er snill
Eg er ei snill heks

DEI: Det er her våre oppfatningar skil lag

 

Onsdag 23. mai

 

SJEL

Eg hadde selt huset og skulle levara nøklane men

Det var ikkje reint nok

 

Eg kunne vel seia nokre ord om å selja, kva det betyr;

om utsikt, nye utsikter og farvel til det eg hadde sett men aldri –

 

men det ikkje var reint nok

 

eg hadde skrubba og skrubba eksostak og hjørne men det var ikkje reint nok

 

for det var eg som hadde sett meg i veggene, det var eg som ikkje kunne ryddast vekk

 

vaskast

skrubbast

 

YouTube sitt forhåndsvisningsbilde

 

VEKE 7
Fredag 25. mai

 

1. AKKURAT KVIFOR DOMMARANE HAR BEDE DEN RETTMEDISINSKE KOMMISJONEN OM Å UTDJUPA AKKURAT KVA DEI MEINER MED AT DEI TEK DEI SISTE TILLEGGSOPPLYSNINGANE TIL ETTERRETNING

å  borrrrrrrre

det

 

må vi borrrrrrre litt i

borrrrre

 

2.  HETE

og suget

 

tvilen

 

på sommaren

 

Som om sommaren er sjuk

Som at er det er noko sjukt

 

med sommaren

 

Som om ikkje denne heten er første teikn på

 

Paradis

 

Måndag 28. mai

 

EI DOKKE I VEGKANTEN

Mamma, mamma

Mamma, sjå

Kva då, vesle venn

Sjå, dokka

Ho har mist ein arm

Å nei, vesle venn, eg ser

Mamma! Armen er borte!

Korleis hende det? var det hunden?

Han reiv han av

 

Så så, vesle venn.  Ikkje gråt. Vi kjøper ny.

 

Ver så god, vennen. Her er dokka.

Mamma

No må du sova

Men mamma eg får ikkje

Du må prøva

Ja men dokka

Men her er trygt, her er dokka, nye dokka

Ingenting å vera redd

Men dokka ropar

Dokka?

Dokka ropar på meg

Dokka ligg då her og søv?

Dokka i hagen

 

Dokka vi grov ned, hugsar du ikkje, mamma?

Dokka grov vi ned. Ho har det bra. Vi grov ho ned, hugsar du ikkje, vennen?

 

Ho skal ikkje skremma deg meir

Men mamma,

Sov no, vesle venn

Men mamma. Dokka er redd.

Nei vesle venn, du har drøymt

Nei, for eg sov ikkje. Det er sant

Dokka ropar ikkje

Ho vil ha hjelp

Men dokka treng ikkje hjelp, dokka kviler. Ho ligg i jorda

Men ho ropar

Skal vi gå ned og sjå?

 

I morgon. Vi går ned og ser.

 

Kom, veslemor, så skal du få sjå at –

Ja

Dokka ropar ikkje. Ho er blitt til jord

Kva er dokka?

Jord. Ho har blitt til jord

 

Sov no, vennen min, her er dokka

Ja, mamma

Fine dokka

No søv eg

 

(Ei dokke ligg i vegkanten. Ho manglar ein arm. Ho ropar: Hjelp. Har du ei krone til ein arm)


Tysdag 29. mai

1. DET VAR DEN SOMMAREN EG FEKK BARN

Det var ein dag etter nok ein krangel – på grunn av ei helvetes barselstid med blodforgifning, angst og ein pappa som heldt på å gå i bakken
vi krangla ein del
Vi sat ved kjøkenbordet og dreiv og vart venner
Vi prøvde å vera venner, plutseleg var vi venner igjen
Uvenskapet kom i bølgjer, i takt med søvnløyse, desperasjon og utmatting
slik at det ei tid var umogleg å einast
umogleg
umogleg å bli venner, alt vi sa gjorde allting verre, før det så -
Plutseleg stilna
At det stilna, stormen la seg
Og så var vi venner igjen

 

Då var det å sitja ved bordet, forsiktig halda hender, smila, prøva å opna hjartet igjen, litt etter litt -

Medan babyen sov

Slik sat vi

 

Då det small

 

Vi sat i leiligheita, i niande etasje – to, kanskje tre kilometer unna i luftlinje. Så høyrde vi eit smell -
først smellet og så drønnet, for det drønna i blokka på ein underleg måte
Torden, sa mannen min
Mja, sa eg
Eg tenkte at det umogleg kunne vera torden
men eg ville ikkje krangla
så eg sa ikkje noko
Terrorisme – eg er slik, tenkjer alltid terrorisme, viss det kjem eit fly eller viss eg høyrer eit smell, eller ser ein koffert:
slik tenkte eg også denne gongen: sikkert terrorisme
Eg veit eg er nervøs
Men så retta eg fokus mot mannen min igjen
Vi var blitt venner igjen
Eg var  temmeleg sikker på at eg kunne opna hjartet mitt igjen, vera nær og sårbar igjen,
at eg hadde gråte ferdig,
at ingen av oss skulle villa såra kvarandre igjen, ikkje med vilje, ikkje denne gongen, og snart skulle babyen vakna og skrika på mat

 

Så eg fokuserte på å roa meg

Vera konstruktiv

Bygga

 

At vi må bygga det vi har saman, for ingenting kjem av seg sjølv
Oss i mellom
At eg var roleg nok no, til å vera positiv, tillitsfull, og snart vakna nok babyen igjen, og ville ha mat

 

2. KVIFOR ER DU IKKJE SINT

Eg ser deg inn i auga
Eg prøver å sjå deg inn i auga
Eg prøver å sjå deg der inne, inni auga
Kvar er du?

 

Er du der ein stad, langt der inne?
Du smiler trist, eit trist smil.  Eg kjenner det smilet
Eg kjenner det smilet der,

det er nedlatande
Det er eit vennleg, men trist og nedlatande
smil

 

Ikkje smil
Ikkje smil det smilet der
Kvifor smiler du
Kvifor ser du så trist ut
Kvifor smiler du så helvetes trist og nedlatande

 

Ikkje sjå trist ut
Eg ser deg i auga
Hallo
Er det nokon der inne
Er det nokon der inne
Ser du ikkje at eg hatar deg?

 

Kvifor smiler du det latterleg avvæpnande smilet når eg står her og seier at eg hatar deg
Hallo
Når eg står her og hatar deg
Eg stirrar inn i dei vassne auga dine, men eg ser deg ikkje!
Er det nokon der inne?
Og kvifor ser du så trist ut?

Du ser trist ut uansett
Då såg trist ut i stad også
Du har alltid sett trist ut
Tørk av deg det triste smilet

 

Tørk av deg
Tørk av deg det uttrykket der
Det er stygt!
Eg hatar deg, kvifor står du der og er så mild når eg står her og hatar deg

 

Ikkje lat som at det er eg som gjer deg trist, eg gjer deg ikkje trist, det er ikkje eg
du er trist, heilt av deg sjølv
heilt inn til margen
Du var trist lenge før eg slo

Kvifor snur du andre kjaken til
Eg vil ikkje ha andre kjaken
Eg vil ikkje ha andre kjaken!
Den arrogante andre kjaken din

Eg vil ha første kjaken, den første kjaken din med det første kjevebeinet ditt som eg var i god gang med å knusa
Snu deg
Snu deg så eg får knust kjevebeinet ditt
Snu deg hit igjen, tørk av deg det arrogante vemodige uttrykket og snu deg
Tenkjer du i det heile tatt på kva du signaliserer, forstår du det, at du er del av ein kommunikasjon, ein dialog, forstår du det, forstår du ikkje at du kanskje kan opplevast som bittelittegrann arrogant

YouTube sitt forhåndsvisningsbilde

 

VEKE 8
Fredag  1. juni

 

SKREKKJELLAREN

Om det forbodne, som ein verkebyll: å forestilla seg kven han er.
Eg meiner: eigentleg.

 

Og desse vennene hans:
Kven var det dei likte

 

Å sjå for seg kva som skjedde.
Å tenkja på korleis dette kom til å skje, her,
med han som sat bak oss på vindaugsrekka.
Korleis noko skjedde med den litt rare, keitete skrua bak oss.
Han rare
På vindaugsrekka.
Korleis snakkar vi om han
Viss han ikkje er sjuk. Kva seier vi då. Kva viss han ikkje er sjuk
Kva gjer vi då
Kva gjer vi 

 

(Du spelar frisk, du uhyre. Du prøver å lata som at du er ein av oss. Du er ikkje ein av oss. Du kjemmer luggen, prøver å sjå frisk ut. Men frisyren avslører deg. Vi avslører deg. Du spelar frisk, du elendige sjukling, og det skal du vita, at vi vil aldri redusera rotenskapen din til sjukdom. Det er du for frisk til.)

 

Det er som med Austerrike
Det er som då vi oppdaga nok ein skrekkjellar i Austerrike.
Den andre.
Det er noko rote med staten Austerrike. Det var det vi sa, då det andre skrekkabinettet opna seg.

 

Første gongen tenkte vi: for ei tragedie. Ei kvinne er frårøva livet,  i ein mørk kjellar. Eit vasskjemma monster har halda ho der som slave, heilt frå barndommen, til ho vart vaksen. Eit monster vi aldri kan forstå.

Så hende det igjen, i same landet, og denne gongen var det verre! Eit endå styggare monster hadde halde barnet sitt i kjellaren, og sett barn på ho også. Ein heil familie var gøymt der nede, ein familie av barn som aldri hadde sett dagens lys.
Det er noko med Austerrike, tenkte vi då. At ikkje dei ser det sjølv. Dei må då vel villa sjå seg sjølve med lupe?

 

Det er noko med eit land som ikkje vil gå i seg sjølv. Som ikkje vil sjå på seg sjølv, korleis ting kunne skje på deira jord.  Når ei ufatteleg tragedie hender første gongen så seier alle: Å for ei ufatteleg tragedie, men han var eit monster, vi forstår ikkje, men vi veit at dette er heilt spesielt, for ingen av oss har noko eller vil ha noko med det å gjera – ja, kva skulle vi gjort? Kven kunne tenkt seg? For jenta vart meldt sakna, og nokon hadde tipsa om denne litt underlege mannen, men herregud – ein kan ikkje trenga seg inn på og inn i kjellardjupet til folk sånn utan vidare.

Andre gongen i Austerrike var det annleis. Ein heil familie nedi kjellaren der, under rosehagen, for monsteret hadde sett barn på dottera og ho hadde fødd fram barn nede i kjellardjupet. Utan at nokon orka å vita.  Og då det vart oppdaga, så tenkte vi: Nettopp, ja. No kjem dei ikkje unna, fascistane. Det er noko med Austerrike; the world´s prettiest asshole. Brunkanta konservativisme, utan vilje eller evne til å ta oppgjer med seg sjølv. Første gongen så ville dei ha det til at dette var eit unntak, noko heilt spesielt, men kva seier dei no?

 

Det var 25. juli, og det var enno ikkje slutta å regna. Folk fløymde ut i gatene, og blomsterbutikkane var utselde. Blomster overalt. Vi er ikkje slik. Vi tek landet vårt tilbake, for vi er ikkje slik. Sjå på oss! Vi held blomster! Det er slik vi er. Ingen skal få seia noko anna, seia noko om kven vi er; ingen! Vi er slik vi er, og ingen skal få endra på det.

At vi skal vera meir av det same, det vi allereie er, det er vi sikre på: halda strak kurs! – det vi kranglar om er berre korleis vi er meir av det same.
«Du er ikkje open når du seier sånn, det der er ikkje meir demokrati, no seier du mot deg sjølv! Kvar vart det av humaniteten du ropa så høgt om? No er du ikkje human! No er du ikkje open! Så hald kjeft, ditt monster! Kva, monster? Kallar du meg monster? Og det kallar du demokrati!?!»

 

Ingen terrorist skal skremma oss til å endra kurs. Ingen skal skremma oss til å gjera noko som helst annleis.

Berre rett fram.

Rett, rett fram

 

Men i pinsehelga.

Ei tysk jente i fangenskap i åtte år (ho var slave og vart piska som ein hest, heilt til naboen «ikkje heldt det ut lenger»).

Ein finsk mann på eit tak som ligg og skyt.

Ein syrisk president massakrerer eit folk.

600 000 nordmenn som ville mislikt at ein jøde vart gifta inn i familien.

Kanskje er det ikkje så spesielt, det med Austerrike, likevel.
Ikkje så spesielt likevel.

 

(Du spelar frisk, du uhyre. Prøver å lata som at du er ein av oss. Du er ikkje ein av oss. Du skal faen ikkje skremma oss til å gå i oss sjølve.)

 

 

Laurdag 2. juni

 

DILEMMA

Eit stort hus står i brann

Skal eg gå inn?

 

Måndag  4. Juni

 

JOBB MED HALDNINGA DI

Du er så arrogant
Du bryr deg ikkje, du, om meg,
uansett kva eg seier
Når eg seier kva eg meiner
Eg seier det, seier det rett fram
Seier kva eg meiner: rett fram
Eg pakkar det ikkje inn

Eg seier det, det mange meiner
Dei seier det ikkje fordi dei er redde deg
men eg,
eg er ikkje redd,
eg seier det rett fram
Rett i ansiktet på deg

Men du

Du bryr deg ikkje, du,
Når eg hevar stemma
Og seier det rett fram
Når eg hevar stemma og seier mi rette meining, at eg blir forbanna
Det er nemleg ein av grunnane
Til mitt
raseri
Du er så jævla avbalansert, du, at du liksom ikkje merkar
Du merkar ikkje
Du merkar deg ikkje
med
meg
At eg hatar deg
Eg hatar deg
Du bryr deg ikkje, du, når eg hatar
Når eg ropar
At eg hatar deg
Eg hatar deg
Når eg brøler, for eg torer det, eg: eg brøler
Eg brøler ut kva eg meiner
Eg brøler ut kva eg meiner, rett i ansiktet ditt
Eg let meg ikkje undertrykka, eg brøler!
Rett inn i øyret ditt
Men du, du gidd ikkje
Du latar som at du ikkje høyrer
Du er så arrogant
Du berre latar som ingenting

Du smiler nesten
Du bryr deg ikkje, du – berre ignorerer
Når eg løftar neven
Og let han falla
Neven
Når eg knuser deg
Knuser kjeven

 

Kven trur du du er?

Kven faen trur du du er, når eg knuser nasen din og kjeven din og hofta di, når

eg spikrar deg opp etter trestokkar og let deg henga

Så du kan tenkja litt på haldninga di,

På korleis du oppfører deg,

Korleis du møter andre menneske,

Andre som kanskje har andre meiningar enn deg,

Kva gjer du då? –

Så du kan tenkja litt på korleis du oppfører deg då,

Når du møter menneske som du kanskje ikkje likar så godt,

Menneske du kanskje ikkje kan forstå,

Kva skjer då, med menneskeverdet som du ropa så høgt om?

Kva skjer då???

Kva då???

Kva???

 

Kven faen trur du du er?

 

Tysdag 5. juni

 

VI ER IKKJE I KRIG

EG: Vi er i krig

DEI: Det er her våre oppfatningar skil lag

/

DEI: Lat oss bora litt i det
Du seier altså
Ja unnskyld viss eg er tungnem

EG:
 Det er i orden

/

DEI: Altså du og dine … meiningsfellar
De seier at vi er i krig
Men eg spør: kvar er bombeflya?
Kvar er soldatane?
Kvar er blodet?

/

DEI: Altså, blir ikkje det litt dumt

/

DEI: Du seier at vi sensurerer deg, men det er jo ikkje sant, vi let deg snakka
Sjølv om vi ikkje kringkastar deg i alle kanalar, sender dei rabiate ideane dine ut til kven som helst, det handlar om å ta ansvar, kva er det du trur,
Vi driv ikkje med sjølvskading
Vi driv med kringkasting, ikkje skitslenging;
Det ville vera støytande
Det ville ikkje vera passande
Det er faktisk folk som har døydd her
Høyr; tenk deg om, det heng faktisk litt saman med kva du står her og seier
Men ikkje misforstå
Vi vil at du skal snakka
Du blandar korta
Vi vil at du skal snakka

/

DEI:
 Snakk, då

/

DEI:
 Snakk

/

DEI:
 Du snakkar ikkje,  fordi du er galen

/

DEI:
 Splitter pine galen

/

DEI:
 Du høyrer det sjølv

/

DEI: Du forstår at det er krig du snakkar om?
Det er ikkje noko krig her
Her er det ingen krig
Her er alle vennlege

/

DEI:
                      Vi er vennlege

/

DEI: Jo men kva meiner du, då, når du seier krig?
Er det liksom nokon som drep kvarandre her?
Nokon som vil nokon noko vondt?
Det er det då ikkje
Ingen drep kvarandre her
Ingen er vonde her
Ingen som vil nokon noko vondt her
Her i verdas fredelegaste land

/

DEI:
 Så sei noko då
Sei noko

EG:
 Eg er i krig og har vore det lenge

DEI:
 Jo men herregud, du er jo ikkje i krig!
Meiner du det?
Meiner du det?
Seriøst?
Kvar er blodet?
Soldatane?
Kvar er offera?

/

DEI: Det er ikkje noko krig her
Her er det ikkje krig
Her blir ingen drepne

/

DEI: Her er det ikkje krig, for vi er vennlege

 

Onsdag 6. juni

1 . MINNER FRÅ EIN LUKKELEG KOMMUNISTSTAT #3

Valdelege dataspel kan over lang tids bruk vera skadelege for ungdom og seinka terskelen til valdelege handlingar. Drøft.

(tentamensoppgåve i norsk, Førde Ungdomsskule, 8. klasse, 1993)

 

Seinare har vi fått forståing for at problemstillinga var dårleg fundert. Ingen forskingsrapport har kunna visa nokon årsakssamanheng mellom dataspel og vald.

  

2. VI SKAL IKKJE SKREMMAST TIL Å GÅ I OSS SJØLVE

Nei tvert imot

Og dessutan var det nødvendig å streika så lenge

Streik er eitt av dei viktigaste verkemidla vi har

 

3. NULL

Eg er ingen å bry seg med
Eg er ein du kunne brukt mindre tid på
Eg er eit null

Eg har vrangførestillingar
Eg førestiller meg ting
Eg er eit null

Eg er ein einsam ulv, einsam under månen; eg hyler til månen, blir gal under månen,
vil ha blod
Eg er eit null

Eg innbiller meg ting
at eg er nokon
At eg kan gjera nokon skilnad
At nokon som bryr seg
Eg er eit null

Dersom man blir truffet med et lavhastighetsvåpen med et helmantlet prosjektil, så kan det gå inn og ut igjen, og det lages en rimelig smal skuddkanal. Det kan skje sånn, men det kan også skje at den bretter seg ut som en sopp eller fragmenterer.

 

En høyhastighetsvåpen, derimot, vil oppføre seg noe annerledes. Der vil det begynne å bre seg utover, og lage svære skuddkanaler, og det blir store opprivningsskader.

 

Dette gjør det komplisert å undersøke.

 

En innskuddsåpning kan være ganske liten, og en utskuddsåpning kan være litt større, hvor vevet kastes ut. Om det er nært hold, altså innen en meter, vil det lages kruttmerker rundt såret.

 

YouTube sitt forhåndsvisningsbilde

 

VEKE 9
Torsdag 7. juni

 

MOR PÅ SMESTAD

Mor mi bur også på Smestad. Men slik kan eg ikkje tenkja.

Naboungane mine er også mykje åleine. Men slik kan eg ikkje tenkja.

Han guten eg gjekk i barnehage med har også lagt ut bilete av våpen, framandtfiendlege kommentarar og lenkar til spelesider på Facebook.
Men slik kan eg ikkje tenkja.

Det blikket der, i avisa, fireåringen som er i bursdagsselskap, som smiler lurt men som verkar einsam. Eg har sett han før. Eg kjenner han att? Er det fetteren min? Er det meg sjølv?
Slik kan eg ikkje tenkja.

Argumentasjonen i manifestet. Det minner om noko. Noko eg sjølv kan ha sagt. Men slik kan eg ikkje tenkja.

På garden ovanfor hytta vår er det også eit rart gardsbruk, forfallent. Eg har høyrt nokre rare lydar, og det er nokre folk der som driv med  – eg veit ikkje kva. Det liknar kanskje litt. Men slik kan eg ikkje tenkja.

Eg ser ein bil stå utanfor Oslo Plaza, og nokon spring – det ser rart ut. Men slik kan eg ikkje tenkja?

Men nokon kryssar gata, hei, kva er det du skjuler bak jakka? Kvifor spring du – kva faen, kvifor ser du på meg?

Unnskyld?

Kvifor ser du sånn på meg, kva vil du!

Ingenting, sure kjerring

Sure kjerring?!? Du kjem springande mot meg, ser heilt vill ut i blikket!

Faen i helvete så stressa du er då!!!

Stressa,eg? Slapp av!  Herregud, då. Eg berre står og tenkjer.

 

Fredag 8. juni

 

KVIFOR ER DEI IKKJE REDDE?

Dagen etter at USA kom med en kritisk rapport om menneskerettighetene i Kina og resten av verden, slo kineserne tilbake med en egen rapport om amerikanerne (Aftenposten 28. mai 2012).

 

Kina, Kina, Kina

Du underlege raring

Langt der borte

 

Du er så sta!

 

Du er veldig sta

 

Du veit jo det, gode Kina

Kina Kina Kina

Harde ord kan falla, men du og eg: vi er

 

Pals

 

Du veit jo det

Eg veit

Vi veit jo det

Dei sterke må halda saman, ikkje sant, og du og eg,

Det er vi som er sterke no

 

Kina

 

 

Kina, Kina, Kina!

Du er så taus

Du er rar

Du er så uendeleg annleis enn alt eg forstår!

Seriøst

Svenskar kan eg forstå

Amerikanarar

Muslimar og jødar – dei er … kva skal vi seia … eg likar dei ikkje, du veit

Dei er ikkje alltid –

Det er mange

Altså her

Her hjå oss

Men eg kan forstå dei, liksom, vi er kanskje ueinige om nokre ting, men vi –

ja, vi forstår

 

Det er mange her som ikkje

Ja –

Som ikkje likar

Afrikanarar

 

Men du!

I ein annan liga. Heilt annleis

 

Kina

Kom an

Du og eg

 

Du er så opphengt i detaljar!

Tedrikking og kunst

Og teikna dine

 

Ikkje misforstå

Dei er vakre

Eg er positiv

Har alltid vore fascinert

 

Pirkar kanskje på eitt og anna der borte som du kanskje –

Du får ta det som eit råd

Innspel frå ein god venn

Ja men herregud, då

Det er i beste meining, ikkje ta det ille opp!

 

Vi to

Vi er pals

 

Du veit her hjå oss

Ein del av dei lågare utdanna, kva skal vi seia: Bermen

Dei har, kva skal vi seia – du veit

Dårlege haldningar

 

Eg må vera varsam,

du veit –

Det er mange her hjå oss

Her:

Folk er jævlig opptekne av detaljar

Formuleringar

At ein ikkje støyter nokon

Folk som ikkje likar å få – ja, passet påskrive

Ein skal liksom pakka det inn

Herregud

Men altså: Bermen

Dei vil helst kunna lata skepsisen, frykten, raseriet

Gå utover, ja, du veit, andre

Andre folkegrupper

Ja altså ikkje deg

Det er artig, desse folka, du veit – kva er det dei trur?

Som at arabarane på nokon som helst slags måte

 

Ja. Ikkje at det spelar noka rolle

 

Poenget er

At du, Kina

Kina Kina Kina

 

Eg likar namnet ditt

Kvifor er dei ikkje reddare for deg?

Eg forstår ikkje at bermen – desse antielitistane –

Som vi har her hjå oss –

at dei ikkje er litt meir redde

for deg!

Kina

Haha, det er jo du, ja og så eg, då – vi står saman

Seriøst

For eg har i grunn aldri vore på lag med bermen

her heime hjå oss

For meg er det meir: Kina

Altså deg og meg

 

Kvifor er du så sta

Ja men herregud då

Kan du ikkje ta imot eit råd

Herregud, eg er eldre enn deg

Nei unnskyld, ikkje eldre

Ok, eg gir meg, eg er ikkje eldre, men det var heller ikkje poenget

Eg har faktisk vore gjennom nokre ting, tenkt

nokre ting

Det kan då vel ikkje vera så jævlig å få eit godt råd?

Frå ein god venn?

Frå meg?

 

Å herregud Kina

Må du vera så barnsleg

Så sta

Kva er det du påstår?

Kva har du med å snakka om min bruk av varetekt, hei! – kva har du med å snakka om

handsaminga av mine kvinner og barn???

At du gjer det?

Eg meiner –

 

Snakkar du om bror min?!

At bror min har delteke i krigar som har ført til humanitære katastrofar, som i Irak?

At bror min fengslar folk utan dom, kva meiner du? Det stemmer ikkje.

At pressefridomen hjå bror min er … er du morsom? kva er det du innbiller deg?

At både bror min og eg er i hendene på ei samansverging av makt og pengar, i eit system

der dei  rike berre blir mektigare?

 

Ærleg talt, kompis

Blir ikkje det litt dumt

Kan vi ikkje berre slappa av og ta ein øl

ein risøl

 

Du

Du, seriøst

Du, Kina

 

Kven er du eigentleg

kven trur du du er

Har du så mykje å skryta av, kanskje

Trur du kanskje ikkje eg kjenner undertrykking når eg ser det

Arroganse

Du er arroant

Trur du ikkje

At eg kjenner at arroganse når eg ser det

Kva er det du trur?

 

Du

Sjølv om –

Eller: Berre fordi:

Berre fordi du liksom lukkast

så godt

og ting går så det grin og du

liksom

er best i klassen

Eg er også best

Er det min feil at bermen her er så giddalaus

Du Kina

Berre fordi folka dine er så arbeidssame, dei berre jobbar og jobbar, eg trur de er skapt av eit anna stoff

Sjølv om dét  – det er sikkert berre fordi, eller

Altså:

Sjølv om det kanskje ikkje går så godt her

Altså: Det går bra med meg

Meg går det bra med

Men likevel

 

Trur du at du liksom kan komma her og fortelja meg noko om – liksom –

Trur du liksom at eg har noko å læra av deg?

 

Fy faen

Å herregud

Trur du ikkje eg kjenner arroganse når eg ser det?

 

Søndag 10. juni

1. KJÆRE MOR

I ei celle ein  stad i denne byen sit ein mann på min alder

 

Og skriv brev til mor

 

Kjære mor
Er du stolt av meg no
Kan du vera stolt

 

Var du stolt av meg
før

 

Eg spør meg: kva skriv han til mor si, og kvifor

Kva tenkjer ho
når ho får brev

Og der stoppar det

 

2. Vi AVSLØRER DEG

Du spelar frisk, du uhyre. Du prøver å lata som at du er ein av oss. Du kjemmer luggen, prøver å sjå frisk ut. Men frisyren avslører deg. Vi avslører deg. Du spelar frisk, du elendige sjukling, men det skal du vita, at vi vil aldri redusera rotenskapen din til sjukdom. Det er du for frisk til.

 

Måndag 11. juni

 

1 PÅ SLETTENE #2

 

DEI
: Kven

EG
: Kven

DEI
: Dei du dansa med
På kyrkjegarden, veit du
Spøkels

/

DEI
: Desse som du trur finst, men som vi ikkje trur på
Desse du tykkjer er så vakre
du veit
Desse du dansa med

EG
: Eg har sagt det som det er

DEI
: Jo men kven er dei
Desse redselsfulle vesena

/

DEI: Kven er dei?

EG
: Heltar

DEI: Heltar?
Kven?
Opplys oss

EG
:  Heltar
Frå ei anna tid

/

DEI:Vi har jo googla
Vi har jo sjekka litt

/

DEI
: Vi har jo vore på ei og anna side
Og vi trur ikkje at -

EG
: Vi har dansa
Dei har dansa med meg
Og eg
Eg har dansa tilbake

/

DEI: Vi trur ikkje på ting vi ikkje ser.

/

DEI: Det er ikkje sikkert det er galskap
Det kan vera blankpussa løgn

/

DEI
: Men det verkar sjukt
Du verkar sjuk
Du er forfengeleg; sjå på deg
Du er forfengeleg

Bør du ikkje tenkja på korleis du framstår?

/

DEI: Er det flott å dansa med spøkelse?

/

DEI: Er det flott, eller er det pompøst?

EG: Det er sjølvsagt pompøst, men du kan tolka det som du vil.
Eg tykkjer det er flott

/

DEI
: Det er her våre oppfatningar skil lag.

 

 

Karl Popper, austerriksk- britisk filosof og vitskapsteoretikar:

«du kan aldri bevisa noko, berre motbevisa»

Til dømes:

Alle svaner er kvite.

For kvar kvite svane vi ser, blir vi sikrare.

Men viss berre éi svart svane dukkar opp

 

 

 

 

2. IGJEN OG IGJEN

Det er ikkje så komplisert

Det er berre at vi er del

 

Vi er altså

del

Vi er del

Del

Vi er altså del

av denne avskyelege arten: mennesket,

Som aldri gir seg,

Som riv lemmene av kvarandre

 

 

Tysdag 12. juni

  

1. GALEHUS

Eg høyrer stemmer overalt, dei ropar:

 

Han er ikkje gal

 

Stemmene gir seg ikkje, den eine blir høgare og den andre verre

Desse stemmene i hovudet mitt

 

Kanskje er eg ikkje gal

Kanskje er dei verkelege

Stemmene

 

Dei oppfører seg ikkje normalt, dei oppfører seg avvikande,

Liksom akademikarstemmer, professorstemmer, men dei er så mange

Det er mange

Eg høyrer dei overalt
Og dei er så opphissa

Skulle tru at hylekoret var noko eg innbilte meg

men

 

Eg får førestillingar om at dette er

verkeleg

 

Professorar og ekspertar på rekke og rad, glefsande til kvarandre,

dei kikkar på meg, men dei glefsar

til kvarandre

Dei glefsar

dempa

Liksom rolege, liksom kontrollerte, men under;

Eg merkar det

Dei glefsar

Det er like før dei går i kjeften på kvarandre, ropar diagnosar

til kvarandre

På latin

Og norsk

 

Kanskje er dei ikkje inni hovudet mitt

kanskje finst dei på ordentleg

Mylderet av stemmer

Og mantraet:

 

Han er ikkje gal


2.  EG ER IKKJE GALEN

Eg er ikkje galen
Eg er ikkje galen
Eg er ikkje galen
Eg er ikkje galen
Eg er ikkje galen
Eg er ikkje galen
Eg er ikkje galen
Eg er ikkje galen

 

YouTube sitt forhåndsvisningsbilde

 

VEKE 10
Fredag 15. juni

 

1 OM Å LEITA LENGE NOK

Eg finn ikkje nøklane

eg har leitt overalt,

eg er sikker på at eg hadde dei,

her ein stad,

i stad;

 

for då eg kom meg inn i huset før i dag, var det låst, for eg hadde låst då eg gjekk ut, og då må eg ha hatt nøkkel for å komma inn,

 

og alle dei andre gongene eg har komme heim og låst meg inn, eller gått ut, og låst meg ut;

 

eg må ha hatt nøkkel

for eg hugsar så godt

eg har låst opp eller igjen; at eg har vridd nøkkkelen med eller mot sola -

det er ikkje noko eg har førestilt meg

eg trur ikkje det er noko eg har førestilt meg,

 

at når eg står her no og endevender lommer og sykkelvesker for å finna nøkkelen, så tvilar eg ikkje på at han er her ein stad, for å sei’ det sånn: eg går ikkje inn i eksistensielle kvaler, eg byrjar ikkje å tvila på mi eiga kjensle av røyndom,

det at eg ikkje ser nøkkelen gjer meg ikkje i tvil om at nøkkelen finst,

at han er her ein stad,

at nøkkelen var her i stad og at han framleis eksisterer:

viss du forstår kva eg meiner

for alle hus har jo dører og alle dører har jo låsar, iallfall har ytterdører låsar, og alle låsar har nøklar så då ser eg ingen grunn til at ikkje det også skulle gjelda mitt hus.

Eg tvilar ikkje på at nøklane er reelle og at dei finst

 

og dessutan hugsar eg det jo tydeleg, at eg har nøklar, eg såg dei i dag tidleg, eg veit jo godt korleis nøklane mine ser ut; dei heng på ein spiker og eg veit jo godt kvar dei pleier å ligga når eg ikkje hugsar å henga dei opp; veit jo godt kva lommer dei pleier å bli gløymde i, veit jo godt kva nøkkelhank som heng på nøkkelknippet og korleis dei ser ut;

 

sjølv om no, når eg tenkjer hardt på det, så blir eg nesten litt usikker;

fordi eg er kritisk av natur

 

for no finn eg dei ikkje og eg har verkeleg leitt alle stader, eg meiner verkeleg, men det er jo ein vanleg ting, det å leita etter noko som ein plutseleg ikkje veit kvar er

 

det er ikkje normalt å byrja å tvila
tvila på seg sjølv, og på at nøklane i det heile teke -

 

men det kan jo henda at resonnementet ikkje held

at eg innbiller meg alt saman

at eg rett og slett hugsar feil, at det ikkje finst nøklar, at eg ikkje eig nøklar, ingen i det heile;

eg har forsøkt å ettergå meg sjølv, i saumane, eg har sjekka kontrakten,

kjøpekontrakten til huset, huset mitt: eg står og held kontrakten i hendene og her står jo dato og klokkeslett for nøkkeloverlevering, her står det svart på kvitt: det er nokre år sidan no men her står det; eg eig eit hus og huset har nøklar, seljaren har skrive under og det er ikkje tvil. Eg eig faktisk eit nøkkelsett

 

men eg finn dei ikkje. Kanskje det er noko eg har oversett

Noko i resonnementet

 

Kanskje eg hugsar feil, for no har eg verkeleg undersøkt alle lommene, kanskje det er noko -

kanskje det er noko gale i hovudet mitt, at det er noko eg ikkje har fått med meg,

eller gløymt

kanskje huset er selt

At eg ikkje bur her lenger

At eg har selt huset

Gitt nøklane bort

Kanskje kontrakten eg står og held i hendene,  her det står svart på kvitt at eg ein oktoberdag for fire år sidan kjøpte dette huset

som eg no altså meiner å eiga -

Her står det: eg skulle få nøklane sånn og sånn -

Men kanskje kontrakten ikkje gjeld lenger

Og korleis kan eg stå med kontrakten i hendene

no

 

når eg har låst meg ute

 

Kontrakten ligg jo i arkivskuffa i andreetasje

 

Å

No forstår eg

Eg har ikkje låst meg ute

No kjenner eg meg att

Eg står jo inne!

Inne på arbeidsrommet

i andre etasje

 

Ja men då er kontrakten ekte

Kontrakten er ekte

Kontrakten er jo her

Eg fann han i arkivskuffa

Då er eg ikkje galen

 

Og nøklane -

Dei er her nok ein stad

 

2.  FLOTT ELLER POMPØST?

Synes du fortsatt det er flott, eller er det pompøst?

 

Det er selvsagt pompøst, men man kan tolke det som man vil. Jeg synes det er flott

 

Søndag 17. juni 

 

Å SPRINGA PÅ SIGNAL

Klokka ringer, men vi var så opptekne, så veldig travle med å ha friminutt at vi ikkje høyrde, men no når det ringer og vi har vakna og følgt dei andre og byrja å springa mot klasserommet så høyrer vi det, klokka ringer, det kjennest som at det har ringt i all æve, men at det er lenge sidan,  – det kjennest som at eg ikkje hugsar sist det ringde inn og at lyden; lyden av den evige klokka er så skarp, så ny, så ubehageleg; som om klokkelyddesignarane ikkje har stola på at eg vil lya, pliktskuldig, lovlydig, slik eg har lært; som at dei mistenkjer at eg kunne snika meg unna, skulka, gøyma meg nede ved dassen eller tilmed forlata heile føkkings plassen; berre gøyma meg til alle har gått inn; denne klokka ringer så intenst at ein kunne mistenkja at klokkelyddesignarane har lagt opp til at eg nærmast skal tvingast; halast inn att til pulten min og ingen anna stad, som at eg liksom ikkje skal ha anna val, at eg liksom skal vera nøydd for å komma unna den skarpe lyden

 

Rart at eg ikkje høyrde i stad, det gjer vondt i øyrene

 

det er kun i søvne at eg liksom spring og spring men liksom at kroppen og beina og viljen er seig og ikkje lyer; slik har det aldri vore på ordentleg, når eg er vaken og klar, det har eg iallfall ikkje vore meg sjølv bevisst at det har vore slik på ordentleg; no er det som at alle andre har høyrt klokka før meg og sprunge inn før meg, lyden er så skjerande og gjer meg faktisk redd, ei merkeleg redsle, veit ikkje kvifor eller kva men slik er det, kanskje, med høge lydar, det var akkurat som at eg ikkje høyrde i tide

 

Måndag 18. juni

 

1. EG BLIR SÅ OPPRØRT AT EG BLIR TRIST

Og no er det altså skjedd

 

I Sverige

 

«Eg er heilt sett ut no, dette er dei same ulvane som hoppa på meg», seier Arne Weise til Expressen.  TV-profilen trudde alt var over då ulvane hoppa på han for nokre år sidan. «Eg blir så opprørt at eg blir trist. Walt Disney er skuld i mykje, når han har menneskeleggjort dyra. Dette er nok ei åtvaring – vi må slutta å vera så nære. Det er feil, og risikoen blir for stor», seier Weise.

 

2.  Å HERREGUD TENK OM DEI HAR RETT

Å herregud

Tenk om dei har rett

Tenk om

 

Kanskje vi berre skal gjera det, då

Stenga grensene

Hiva dei ut

 

Desse folka

Desse

som vi

Ja

Vi veit ikkje kvar vi har dei

Kan ikkje vita sikkert

 

Altså

 

Kanskje vi berre skal gjera det, då

Ta konsekvensen

Av at vi ikkje kjenner

Eller veit

Kva ting kan føra til

Kor mange

Altså dei er jo ikkje så mange,

 

Men likevel:

 

Kanskje vi ikkje

Ikkje berre skal la oss forføra

av folk i nød

forføra

av folk

på vandring

på leit etter arbeid

Nei det blir for usikkert

 

Kanskje vi berre skal gjera det, då

vera i forkant

Tenkja langsiktig

Det er jo mange faktorar, og mange folk,

dessutan

Det er mykje vi ikkje veit

Kanskje vi skal vera i forkant

 

Mange av desse, desse

Det må vera lov å seia

desse

Det må vera lov å seia: desse

Det må vera lov å elska sin eigen rase

 

Det handlar om sjølvkjensle

 

Kanskje vi, i all vår higen, ja desperasjon

Etter å vera:

Ålreite

Menneskelege

Bli likt

Kanskje vi har vore litt raske

Med å bestemma oss

for

At vi meiner at alle

(alle er jo like mykje verdt, men:)

At alle skal kunne komma hit

Og vera her

 

Kanskje vi har vore litt raske

Vore litt for gira

Ja, etter krigen og sånn, vi var jo nesten besette

På å gjera det godt att;

Alt godt att;

Markera avstand

frå

Hat

Og bestialitet

Og faenskap

 

Det går jo an å forstå, då

At 

At folk kjende eit visst behov

For å stå på rett side

Men kanskje

Kanskje det var noko vi oversåg, at vi kanskje

Ja

Var litt raske

Ja, kanskje har gløymt noko

At vi overvurderte noko

Eller: Undervurderte noko

At det var noko

Vi gløymde

Å ta inn

 

Vi vil jo at alle skal ha

Menneskeverd

Vi vil jo

Vi vil ikkje

Vi vil jo berre at alle skal ha det bra

 

Men kanskje

Ja

Folk er kanskje ikkje klare, ikkje modne,

At vi ikkje er klare

Ikkje modne

At vi kanskje ikkje

Tok heilt høgde for

Nokre ting

 

At folk kanskje – ja,

har nok med sine eigne små liv,

At det kanskje blir for mykje

Å skulla

Ja

At det kanskje ikkje alltid passar like godt

 

Ikkje alltid

At vi kanskje

Ja, – burde ta høgde for det, då

At folk

Ja

Og krigen, det er lenge sidan, den er det ingen som hugsar lenger

 

Ja

Nei:

Så då

 

Då får vi kanskje læra, at vi kan læra noko

no

Vi kan læra noko

Det er lov å skifta meining, skifta kurs

 

Det var jo det vi gjorde etter krigen, då vi slutta å hata jødar og å kallar negrar for negrar

Og slutta med å legga andre under oss:

Vi bestemde at alle er like mykje verdt

 

Ein kvar lærdom til si tid

Alt til si tid

kanskje det likevel

Var noko vi ikkje tok høgde for

 

Så kanskje det er noko anna vi skal læra no

 

Ja

Nei:

Så då seier vi det slik:

 

Vi trekkjer lærdom,

Vi har med menneske å gjera,

Vi er ikkje maskiner

Vi må forhalda oss til folk, folk er folk

Og folk forandrar seg:

 

Det var vel rett ein gong, då,

den gongen:

Å seia at alle er like mykje verd, å tenkja at alle må kunne leva saman

Som frie likeverdige menneske

Så berre kom inn, kom til oss! Her skal du få vera kven du vil, og blomstra!

 

Men så kjem altså desse

Som berre går i bedda våre og et opp tulipanane, som andre dyr,

Det er sant

Alle tulipanane var borte då eg stod opp i dag tidleg

 

Desse

 

Så nei; kanskje vi skal prøva ein annan strategi

Og desse profetane, desse dommedagsprofetane,

som spår vår sivilisasjon sin undergang:

eg seier ikkje meir

 

Lat oss lata att, no, då:

Det er nok no

 

Vi stenger grensene

Og desse … likeverdsfantastane frå etter krigen,

som trudde dei hadde den ultimate sanninga: no kan dei sitja der og tenkja litt

tenkja seg litt om

For no har vi kanskje lagt om litt, vi har late att, stengt

Og kasta ut

 

Ja.

 

Og vi ser at det er godt.

 

Men i alle dagar

Desse

 

Høyrer de ikkje?

Vi har stengt

Det er stengt

Vi vil gjerne hjelpa dykk

der de er

Gå heim att

Gå heim att, no

Hallo høyrer de ikkje?

Ja vi veit de er mange!

 

Men vi er altså få.

No har vi altså stengt grensene

Pga manglande tryggleik ift  desse

Desse –

Dykk, ja.

Vi har ikkje kjent oss heilt trygge, og vi har sett ein uro

Spreia seg i vår eiga

Etnisk opphavelege

Befolkning

 

Av omsyn

Til vår eiga

Etnisk opphavelege befolkning:

Har vi altså stengt

 

Forstå oss rett:

For å vera i forkant

For å unngå konfliktar

For å ikkje umedvite vera blant dei som utset vårt eige samfunn for eit vannvittig

Og historielaust

eksperiment

Vi vil ha det slik som vi har det; slik vi alltid har hatt det

Vi vil ikkje vera med på og sjå på at ting

Forandrar seg

 

Så kvifor gir de dykk ikkje?

Dei gir seg ikkje!

Dei er få, men dei blir fleire, og dei gir seg ikkje

Desse –

Høyrer de ikkje kva vi seier?

Vi har sagt: Vi har ikkje mat

Vi har ikkje brød, vi har ikkje varme,

Vi har ikkje hus eller velferdsordningar

Vi har ikkje samarbeid til dykk

arbeid

Vi har ikkje fridom til dykk!

De får skapa dykkar eigen fridom

gjera kampen sjølv

Ikkje komma hit og meska dykk med vår fridom

Vår sårt tilkjempa fridom,

De får gjera dykkar eigen revolusjon!

Gjer revolusjon!

Der de er!!!!

 

Vi vil berre ha det slik som vi har det

Vi vil ha det trygt

Her

 

Ja men herregud

Dei høyrer jo ikkje?!?

Desse!!!

 

Herregud

Skeptikarane hadde rett

Og sivilisasjonsdommedagsprofetane

Som dømmer vår sivilisasjon

Nord og ned

Jaggu godt at vi stengde

 

Ja men så hald dykk ute!

Høyrer de ikkje?

Kven er det som har tillate desse

Å stå og hamra på dørene våre

Når vi seier at det ikkje passar???

 

Kom dykk vekk!

Gå vekk!

Desse

Desse grusame menneska

Bestialske i blikka

Kva er det de vil

Kva er det dei vil?!?!

 

Vi har ikkje mat, seier vi!

Vi har ikkje velferd, seier vi!

Vi har ikkje fridom!

Lat oss vera i fred!

 

Kor lenge skal de forfølga oss?

Det må då vera mogleg, for eit lite fredeleg folkeslag

Vi har ikkje gjort nokon

Vi har ikkje plaga nokon

Vi vil berre vera i fred

Vi sett fridomen høgt, her hjå oss, men vi blandar oss ikkje i kva andre gjer, der andre er

Det må då vera mogleg, for eit bittelite fredeleg folk

Som oss

oss

 

Å få vera i fred?!?

(Denne teksten stod på trykk i Dagsavisen laurdag 16. juni)


Tysdag 19. juni

 

1. 400 PUSLESPELBRIKKER MED HIMMEL

400 puslespelbrikker med himmel

Eg puslar

400 puslespelbrikker med himmel

 

- Er det en mulighet for at Knights Templar eksisterer?

- Nei, det er det ikke, sier Sørheim.

 

2.  EG ER IKKJE I SORG

Det er ikkje først og fremst ein sorgprossess 
Ikkje for meg
 Kan eg seia det? Er det lov å seia det? For eg er ikkje i sorg Det må eg vel kunne seia, dit vi er komne no: 
Eg er ikkje i sorg. Eg er ikkje i sorg. Eg er ikkje i sorg. Eg er ikkje i sorg. Eg er i noko anna. Eg er ikkje i sorg. Og dette, altså at vi må ikkje drukna oss i sorga, iallfall vi som ikkje sørger – ja, ikkje at det er feil, men
 Ikkje misforstå 
Men at det kanskje
 Eller

 

3. DROPEN

Om nettene

Når eg ikkje søv

eg ligg og høyrer

krana

 

som dryp

 

Kvar vesle drope

mot metall

 

Det er så ein kunne tru at det skulle bli ein dam, ein liten dam, at alle desse dropane til slutt skulle kunne samla seg og bli ein liten dam

 

Men om morgonen er alt

 

Tørt

 

Onsdag 20 . juni

 

1. LENESTOLGENERALPRINSIPPET

Kva er det som skal redda oss?

Språket.

 

No skal vi ta oss saman, setja oss saman, stikka hovuda saman

Og tenkja

 

på korleis vi formulerer oss

 

Ord blir aldri meir det same,

pompøst

 

No skal vi setja oss ned

Og tenkja over

korleis vi formulerer oss

 

Slik at orda

Ikkje

blir for like

Til forveksling

heilt like

Dei orda

og dei redselsfulle personane

som vi ikkje -

 

Du tek vel avstand?

Du er vel ein av oss?

Du vil vel vera med og tenkja litt

på orda dine?

 

No skal vi setja oss

Og formulera ei løysing

[Rettspsykiaterne forklarer at de ikke ser på Breiviks nyord som neologismer,

men heller ord som han har satt sammen selv, og som han kan forklare

betydningen av.]

Dommer Arntzen: Breivik har brukt ordet «lenestolgeneral». Hvordan forstår

dere dette ordet?

Rettspsykiater Agnar Aspaas: Et ord om mennesker som snakker om politikk,

men som ikke gjør noe. Jeg synes det var lett å forstå.

 

 

  1. DET HADDE PASSA SÅ GODT

Viss alle delane som er kasta opp:
 Intellektuelt lausrivne og Emosjonelt sønderknuste
 Bittebittesmå delar

Av eit stort bilete

Av eit heile

Viss alle desse Bittesmå lausrivne og Sønderknuste delane Som er kasta opp i lufta
 Som er skotne på Som flyktande sporv

Viss alle desse fragmenta
 Reint hypotetisk, 
no - det hadde passa så godt -

Viss alt

 

kunne falla på plass

 

 

Torsdag 21. Juni


BJØRN

BJØRNEN:
 Men eg er snill

SPØKELSET:
 Det er her våre oppfatningar skil lag

/

BJØRNEN:
 Det er ikkje eg som har bite nokon. Du skal ikkje forveklsa meg med ulven.
Eg er ein snill bjørn.
Eg er snill.

/

BJØRNEN:
Eg har mine eigne oppfatningar om ting
Det gjer meg ikkje til eit monster
Ikkje sant -
Kva ville du gjort om nokon gjekk og jakta på ungane dine, ville ikkje du også reist deg på to og brøla?

/

BJØRNEN:
 Jo det ville du.
Eg veit det.

/

BJØRNEN: Eg er ein snill bjørn. Eg likar honning. Det er ulvane som hyler mot månen,  ikkje eg:
det er ulvane som jagar i flokk.
Spring og spring
Eg – eg berre luntar
luntar nedover
nedover ei skråning, med smårollingane mine etter meg
Du kan ikkje samanlikna meg
med ulven

/

BJØRNEN:
 Bjørnar dansar på sirkus. Kor mange ulvar dansar på sirkus? Det er tortur, men det skjer, at bjørnar dansar på sirkus. Det viser at eg har rett.
Eg er samarbeidsvillig.

/

BJØRNEN:
 Du kan ikkje samanlikna meg med ulven
Sjå snuten min
Så rund og trygg
Sjå pelsen
Sjå haldninga mi;
eg luntar
eg jagarikkje.
Eg dansar på sirkus viss du tvingar meg til det.
Eg hyler ikkje mot månen.
Ville ikkje du også reist deg på to om nokon trua ungane dine?
 Eg meiner det.
Eg er ikkje aggressiv.

SPØKELSET:
     Det er her våre oppfatningar skil lag

 

Fredag.22. juni

 

ER DET LOV Å SEIA NOKO?

Kan eg seia noko?
Er det lov å seia noko?
Eg vil så gjerne seia noko

 

Viss det er ok
Viss det passar
Viss det er lov

 

Eg prøver å seia noko
Eg meiner,  vi må alle -
Ja
Vi burde

 

Kva var det eg skulle ha sagt

 

Vi må prøva å få tak
No

 

Eg – ja, eg vil ikkje støyta nokon, vil ikkje gå i utakt
Med
Tida
Eller folk
Og det som høver seg
Men

 

Men eg lurer på, eg lurte på
Om det var mogleg
(noko sylskarpt)
Om ikkje fleire
Om vi ikkje alle
Ja for å vera ærleg
Om ikkje du også

 

Eller

 

Kva, seier du?
Ja, seier du?
At eg er fri til å seia kva eg vil?

 

Ja
Jo

 

Nei
Det er ikkje det at eg nødvendigvis
Altså
Ikkje misforstå
Det treng ikkje vera meg
Det er ikkje det eg meiner,
Unnskyld viss eg er krass
Men:

No må vi snart byrja å snakka om dette som ingen snakkar om,
Her i verdas friaste land:
kva då?

Det ingen snakkar om

Det dette eigentleg handlar om

Kva då?

 

Dette

 

Du veit

 

 

Eigentleg


2. MANDAT

DEI: Så no er det over
No har vi funne –  nøkkelen.

/

DEI
: Var det noko meir du ville ha sagt?

/

SPØKELSET: Eg har dansa

DEI: Du har dansa, ja

SPØKELSET
: Ikkje noko anna
enn at eg har dansa

DEI
: Du har dansa med desse vesena som vi ikkje trur på.
Flagrande, redselsfulle -

/

DEI
:  Du tykkjer ikkje det er rart
litt rart
at vi ikkje har snakka om  -

SPØKELSET
: Kva

DEI
: At vi ikkje har gått nærmare inn på -

SPØKELSET
: Kva

DEI
: Jo for vi har jo ikkje
Det er jo visse ting vi ikkje -

SPØKELSET: Eg er redd edderkoppar

DEI
: Å?

SPØKELSET: Og biller. Edderkoppar og biller, kravlande opp frå gravene

/

DEI
: Jo men dette har vi snakka om

SPØKELSET: Eg har dansa, og medan eg dansa:
fullt av insekt
Insekt overalt
Eg hatar insekt
Kvifor snakkar de ikkje om insekt
Insekta
Kvifor latar de som at de ikkje har sett insekta

DEI: Det er ikkje i vårt mandat.

/

SPØKELSET
: Det er ikkje løgn. Dei eksisterer. Det er i alle fall tvil;
de har sjølve sett haugen av  fluger

/

SPØKELSET: Kvifor tvilar de ikkje

/

SPØKELET
: Eg er kanskje ikkje levande, men flugene:
Dei finst
Eg seier:
Dei finst

/

DEI: Noko anna du saknar

/

DEI
: Verkeleg ikkje?
Ingenting?
Ikkje noko i barndommen?
Ikkje noko langt ned i din eigen seksualitet?
Ikkje noko usagt i forholdet mellom deg og -

SPØKELSET: Flugene

DEI: Nja, nei -

SPØKELSET: Billene

DEI: At kanskje du og desse -

SPØKELSET: Edderkoppane. Kravlande opp frå sprekkene.

DEI
: Nei akkurat. Nei

/

DEI
: Og politiet, tykkjer du dei -

SPØKELSET
: Kva

DEI
: Desse du kallar: brør

SPØKELSET
: Å

DEI
: Eller: media

SPØKELSET
: Jo

DEI
: Har vi snakka om alt?
Har vi verkeleg snakka om alt?
Og legane
Desse legane med serotonin i håret -

/

DEI
: Verkeleg ikkje noko meir du har på hjartet?

SPØKELSET
:  Jo

/

DEI
: Det er her våre oppfatningar skil lag

 

YouTube sitt forhåndsvisningsbilde

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Les mer...

Skrevet av: Maria Tryti Vennerød  22. juni 2012

0 kommentarer

Mandat

DEI

Så no er det over
No har vi funne –  nøkkelen.

/

DEI
Var det noko meir du ville ha sagt?

/

SPØKELSET
Eg har dansa

DEI
Du har dansa, ja

SPØKELSET
Ikkje noko anna
enn at eg har dansa

DEI
Du har dansa med desse vesena som vi ikkje trur på.
Flagrande, redselsfulle -

/

DEI
Du tykkjer ikkje det er rart
litt rart
at vi ikkje har snakka om  -

SPØKELSET
Kva

DEI
At vi ikkje har gått nærmare inn på -

SPØKELSET
Kva

DEI
Jo for vi har jo ikkje
Det er jo visse ting vi ikkje -

SPØKELSET
Eg er redd edderkoppar

DEI
Å?

SPØKELSET
Og biller. Edderkoppar og biller, kravlande opp frå gravene

/

DEI
Jo men dette har vi snakka om

SPØKELSET
Eg har dansa, og medan eg dansa: fullt av insekt
Insekt overalt
Eg hatar insekt
Kvifor snakkar de ikkje om insekt
Insekta
Kvifor latar de som at de ikkje har sett insekta

DEI
Det er ikkje i vårt mandat.

/

SPØKELSET
Det er ikkje løgn. Dei eksisterer. Det er i alle fall tvil;
de har sjølve sett haugen av  fluger

/

SPØKELSET
Kvifor tvilar de ikkje

/

SPØKELET
Eg er kanskje ikkje levande, men flugene:
Dei finst
Eg seier:
Dei finst

/

DEI   Noko anna du saknar

/

DEI
Verkeleg ikkje?
Ingenting?
Ikkje noko i barndommen?
Ikkje noko langt ned i din eigen seksualitet?
Ikkje noko usagt i forholdet mellom deg og -

SPØKELSET
Flugene

DEI
Nja, nei -

SPØKELSET
Billene

DEI
At kanskje du og desse -

SPØKELSET
Edderkoppane. Kravlande opp frå sprekkene.

DEI
Nei akkurat. Nei

/

DEI
Og politiet, tykkjer du dei -

SPØKELSET
Kva

DEI
Desse du kallar: brør

SPØKELSET
Å

DEI
Eller: media

SPØKELSET
Jo

DEI
Har vi snakka om alt?
Har vi verkeleg snakka om alt?
Og legane
Desse legane med serotinin i håret -

/

DEI
Verkeleg ikkje noko meir du har på hjartet?

SPØKELSET
Jo

/

DEI
Det er her våre oppfatningar skil lag

Les mer...

Skrevet av: Maria Tryti Vennerød  22. juni 2012

0 kommentarer

Er det lov å seia noko?

Kan eg seia noko?

Er det lov å seia noko?

Eg vil så gjerne seia noko

 

 

Viss det er ok

Viss det passar

Viss det er lov

 

 

Eg prøver å seia noko

Eg meiner,  vi må alle -

Ja

Vi burde

 

 

Kva var det eg skulle ha sagt

 

  [...]

Les mer...

Skrevet av: Maria Tryti Vennerød  21. juni 2012

0 kommentarer

Bjørn

BJØRNEN:
Men eg er snill

SPØKELSET:
Det er her våre oppfatningar skil lag

 

/

 

BJØRNEN:
Det er ikkje eg som har bite nokon. Du skal ikkje forveklsa meg med ulven.
Eg er ein snill bjørn.
Eg er snill.

 

/

 

BJØRNEN:
Eg har mine eigne oppfatningar om ting
Det gjer meg ikkje til eit monster
Ikkje sant -
Kva ville du gjort om nokon gjekk og jakta på ungane dine, ville ikkje du også reist deg på to og brøla?

 

/

 

BJØRNEN:
Jo det ville du.
Eg veit det.

 

/

 

BJØRNEN:
Eg er ein snill bjørn. Eg likar honning. Det er ulvane som hyler mot månen,  ikkje eg:
det er ulvane som jagar i flokk.
Spring og spring
Eg – eg berre luntar
luntar nedover
nedover ei skråning, med smårollingane mine etter meg
Du kan ikkje samanlikna meg
med ulven

 

/

 

BJØRNEN:
Bjørnar dansar på sirkus. Kor mange ulvar dansar på sirkus? Det er tortur, men det skjer, at bjørnar dansar på sirkus. Det viser at eg har rett.
Eg er samarbeidsvillig.

 

/

 

BJØRNEN:
Du kan ikkje samanlikna meg med ulven
Sjå snuten min
Så rund og trygg
Sjå pelsen
Sjå haldninga mi; eg luntar, eg jagar ikkje. Eg dansar på sirkus viss du tvingar meg til det. Eg hyler ikkje mot månen.
Ville ikkje du også reist deg på to om nokon trua ungane dine?
Eg meiner det.
Eg er ikkje aggressiv.

SPØKELSET:
Det er her våre oppfatningar skil lag

Les mer...

Skrevet av: Maria Tryti Vennerød  20. juni 2012

0 kommentarer

Det hadde passa så godt

Viss alle delane som er kasta opp:
 Intellektuelt lausrivne og Emosjonelt sønderknuste
 Bittebittesmå delar

Av eit stort bilete

Av eit heile

Viss alle desse Bittesmå lausrivne og Sønderknuste delane Som er kasta opp i lufta
 Som er skotne på Som flyktande sporv

Viss alle desse fragmenta
 Reint hypotetisk, 
no - det hadde passa så godt -

Viss alt

 

 

 

kunne falla på plass

 

Les mer...

Skrevet av: Maria Tryti Vennerød  20. juni 2012

0 kommentarer

Lenestolgeneralprinsippet

Kva er det som skal redda oss?

Språket.

 

 

No skal vi ta oss saman, setja oss saman, stikka hovuda saman

Og tenkja

 

på korleis vi formulerer oss

 

Ord blir aldri meir det same,

pompøst

 

 

No skal vi setja oss ned

Og tenkja over

korleis vi formulerer oss

 

 

Slik at orda

Ikkje

blir for like

Til forveksling

heilt like

Dei orda

og dei redselsfulle personane

som vi ikkje -

 

 

Du tek vel avstand?

Du er vel ein av oss?

Du vil vel vera med og tenkja litt

på orda dine?

 

 

No skal vi setja oss

Og formulera ei løysing

 

 

 

 

[Rettspsykiaterne forklarer at de ikke ser på Breiviks nyord som neologismer, men heller ord som han har satt sammen selv, og som han kan forklare betydningen av.]

Dommer Arntzen: Breivik har brukt ordet «lenestolgeneral». Hvordan forstår dere dette ordet?

Rettspsykiater Agnar Aspaas: Et ord om mennesker som snakker om politikk, men som ikke gjør noe. Jeg synes det var lett å forstå.

Les mer...

Skrevet av: Maria Tryti Vennerød  19. juni 2012

0 kommentarer

Dropen

Om nettene

Når eg ikkje søv

eg ligg og høyrer

krana

 

som dryp

 

Kvar vesle drope

mot metall

 

Det er så ein kunne tru at det skulle bli ein dam, ein liten dam, at alle desse dropane til slutt skulle kunne samla seg og bli ein liten dam

 

Men om morgonen er alt

 

Tørt

 

Les mer...

Skrevet av: Maria Tryti Vennerød  19. juni 2012

0 kommentarer

Eg er ikkje i sorg

Det er ikkje først og fremst ein sorgprossess 
Ikkje for meg
 Kan eg seia det? Er det lov å seia det? For eg er ikkje i sorg Det må eg vel kunne seia, dit vi er komne no: 
Eg er ikkje i sorg. Eg er ikkje i sorg. Eg er ikkje i sorg. Eg er ikkje i sorg. Eg er i noko anna. Eg er ikkje i sorg. Og dette, altså at vi må ikkje drukna oss i sorga, iallfall vi som ikkje sørger – ja, ikkje at det er feil, men
 Ikkje misforstå 
Men at det kanskje
 Eller

Les mer...

Skrevet av: Maria Tryti Vennerød  19. juni 2012

0 kommentarer

400 puslespelbrikker med himmel

 

400 puslespelbrikker med himmel

Eg puslar

400 puslespelbrikker med himmel

 

 

 

 

- Er det en mulighet for at Knights Templar eksisterer?

- Nei, det er det ikke, sier Sørheim.

 

Les mer...

Skrevet av: Maria Tryti Vennerød  18. juni 2012

0 kommentarer

Å HERREGUD TENK OM DEI HAR RETT

Å herregud

Tenk om dei har rett

Tenk om

 

Kanskje vi berre skal gjera det, då

Stenga grensene

Hiva dei ut

 

Desse folka

Desse

som vi

Ja

Vi veit ikkje kvar vi har dei

Kan ikkje vita sikkert

 

Altså

 

Kanskje vi berre skal gjera det, då

Ta konsekvensen

Av at vi ikkje kjenner

Eller veit

Kva ting kan føra til

Kor mange

Altså dei er jo ikkje så mange,

 

Men likevel:

 

Kanskje vi ikkje

Ikkje berre skal la oss forføra

av folk i nød

forføra

av folk

på vandring

på leit etter arbeid

Nei det blir for usikkert

 

Kanskje vi berre skal gjera det, då

vera i forkant

Tenkja langsiktig

Det er jo mange faktorar, og mange folk,

dessutan

Det er mykje vi ikkje veit

Kanskje vi skal vera i forkant

 

Mange av desse, desse

Det må vera lov å seia

desse

Det må vera lov å seia: desse

Det må vera lov å elska sin eigen rase

 

Det handlar om sjølvkjensle

 

Kanskje vi, i all vår higen, ja desperasjon

Etter å vera:

Ålreite

Menneskelege

Bli likt

Kanskje vi har vore litt raske

Med å bestemma oss

for

At vi meiner at alle

(alle er jo like mykje verdt, men:)

At alle skal kunne komma hit

Og vera her

 

Kanskje vi har vore litt raske

Vore litt for gira

Ja, etter krigen og sånn, vi var jo nesten besette

På å gjera det godt att;

Alt godt att;

Markera avstand

frå

Hat

Og bestialitet

Og faenskap

 

Det går jo an å forstå, då

At 

At folk kjende eit visst behov

For å stå på rett side

 

Men kanskje

Kanskje det var noko vi oversåg, at vi kanskje

Ja

Var litt raske

Ja, kanskje har gløymt noko

At vi overvurderte noko

Eller: Undervurderte noko

At det var noko

Vi gløymde

Å ta inn

 

Vi vil jo at alle skal ha

Menneskeverd

Vi vil jo

Vi vil ikkje

Vi vil jo berre at alle skal ha det bra

 

Men kanskje

Ja

Folk er kanskje ikkje klare, ikkje modne,

At vi ikkje er klare

Ikkje modne

At vi kanskje ikkje

Tok heilt høgde for

Nokre ting

 

At folk kanskje – ja,

har nok med sine eigne små liv,

At det kanskje blir for mykje

Å skulla

Ja

At det kanskje ikkje alltid passar like godt

 

Ikkje alltid

 

At vi kanskje

Ja, – burde ta høgde for det, då

At folk

Ja

Og krigen, det er lenge sidan, den er det ingen som hugsar lenger

 

Ja

Nei:

Så då

 

 

Då får vi kanskje læra, at vi kan læra noko

no

Vi kan læra noko

Det er lov å skifta meining, skifta kurs

 

Det var jo det vi gjorde etter krigen, då vi slutta å hata jødar og å kallar negrar for negrar

Og slutta med å legga andre under oss:

Vi bestemde at alle er like mykje verdt

 

Kvar lærdom til si tid

Alt til si tid

kanskje det likevel

Var noko vi ikkje tok høgde for

 

Så kanskje det er noko anna vi skal læra no

 

Ja

Nei:

Så då seier vi det slik:

 

Vi trekkjer lærdom,

Vi har med menneske å gjera,

Vi er ikkje maskiner

Vi må forhalda oss til folk, folk er folk

Og folk forandrar seg:

 

Det var vel rett ein gong, då,

den gongen:

Å seia at alle er like mykje verd, å tenkja at alle må kunne leva saman

Som frie likeverdige menneske

Så berre kom inn, kom til oss! Her skal du få vera kven du vil, og blomstra!

 

Men så kjem altså desse

Som berre går i bedda våre og et opp tulipanane, som andre dyr,

Det er sant

Alle tulipanane var borte då eg stod opp i dag tidleg

 

Desse

 

Så nei; kanskje vi skal prøva ein annan strategi

Og desse profetane, desse dommedagsprofetane,

som spår vår sivilisasjon sin undergang:

eg seier ikkje meir

 

Lat oss lata att, no, då:

Det er nok no

 

Vi stenger grensene

Og desse … likeverdsfantastane frå etter krigen,

som trudde dei hadde den ultimate sanninga: no kan dei sitja der og tenkja litt

tenkja seg litt om

For no har vi kanskje lagt om litt, vi har late att, stengt

Og kasta ut

 

Ja.

 

Og vi ser at det er godt.

 

 

 

 

 

Men i alle dagar

Desse

 

Høyrer de ikkje?

Vi har stengt

Det er stengt

Vi vil gjerne hjelpa dykk

der de er

Gå heim att

Gå heim att, no

Hallo høyrer de ikkje?

Ja vi veit de er mange!

 

Men vi er altså få.

No har vi altså stengt grensene

Pga manglande tryggleik ift  desse

Desse –

Dykk, ja.

Vi har ikkje kjent oss heilt trygge, og vi har sett ein uro

Spreia seg i vår eiga

Etnisk opphavelege

Befolkning

 

Av omsyn

Til vår eiga

Etnisk opphavelege befolkning:

Har vi altså stengt

 

Forstå oss rett:

For å vera i forkant

For å unngå konfliktar

For å ikkje umedvite vera blant dei som utset vårt eige samfunn for eit vannvittig

Og historielaust

eksperiment

Vi vil ha det slik som vi har det; slik vi alltid har hatt det

Vi vil ikkje vera med på og sjå på at ting

Forandrar seg

 

 

Så kvifor gir de dykk ikkje?

Dei gir seg ikkje!

Dei er få, men dei blir fleire, og dei gir seg ikkje

Desse –

Høyrer de ikkje kva vi seier?

Vi har sagt: Vi har ikkje mat

Vi har ikkje brød, vi har ikkje varme,

Vi har ikkje hus eller velferdsordningar

Vi har ikkje samarbeid til dykk

arbeid

Vi har ikkje fridom til dykk!

De får skapa dykkar eigen fridom

gjera kampen sjølv

Ikkje komma hit og meska dykk med vår fridom

Vår sårt tilkjempa fridom,

De får gjera dykkar eigen revolusjon!

Gjer revolusjon!

Der de er!!!!

 

 

Vi vil berre ha det slik som vi har det

Vi vil ha det trygt

Her

 

 

Ja men herregud

Dei høyrer jo ikkje?!?

Desse!!!

 

Herregud

Skeptikarane hadde rett

Og sivilisasjonsdommedagsprofetane

Som dømmer vår sivilisasjon

Nord og ned

Jaggu godt at vi stengde

 

Ja men så hald dykk ute!

Høyrer de ikkje?

Kven er det som har tillate desse

Å stå og hamra på dørene våre

Når vi seier at det ikkje passar???

 

Kom dykk vekk!

Gå vekk!

Desse

Desse grusame menneska

Bestialske i blikka

Kva er det de vil

Kva er det dei vil?!?!

 

Vi har ikkje mat, seier vi!

Vi har ikkje velferd, seier vi!

Vi har ikkje fridom!

Lat oss vera i fred!

 

Kor lenge skal de forfølga oss?

Det må då vera mogleg, for eit lite fredeleg folkeslag

Vi har ikkje gjort nokon

Vi har ikkje plaga nokon

Vi vil berre vera i fred

Vi sett fridomen høgt, her hjå oss, men vi blandar oss ikkje i kva andre gjer, der andre er

Det må då vera mogleg, for eit bittelite fredeleg folk

Som oss

oss

 

Å få vera i fred?!?

 

 

 

 

 

(Denne teksten stod på trykk i Dagsavisen laurdag 16. juni)

 

Les mer...