Dei snakkar på radioen, dei seier: kva seier vi til dei minste
Dei får med seg mykje, dei minste, men ikkje alt, seier dei på radioen;
som om det ville vore betre
for dei minste
om dei fekk med seg alt
Du er trygg
for det er ikkje slik vi har det i dette landet, det er ikkje slik vi skal ha det, at vi ikkje skal kunna vera trygge, vi skal vera trygge, heilt trygge, så trygge at når noko likevel skjer, så er det feil ein stad, nokon må ha gjort ein feil
i dette landet
For her er vi trygge
Og det er det vi må forklara ungane
For ingen skal få endra på det
Det verste, det aller aller verste, det som er så uhyggeleg at du ikkje kan førestilla deg det; dei bileta du fantaserer om når ingen veit det, når det er mørkt, når ingen ser – at desse bileta berre er byrjinga
på det uhyrlege
som no er skjedd, på ordentleg, at det som har skjedd er mykje verre -
Det er slikt som ikkje kan skje, som ikkje skjer, for det skjer ikkje, barnet mitt, det er jo det eg seier
Det er noko som ikkje kan skje, som har skjedd, og som ikkje skjer; det skjer ikkje
For det kan ikkje skje
Ingen skal få endra kven vi er
For mamma passar på
Politiet passar på
Det er andre stader, langt vekk og ikkje her, heilt andre stader at -
Ja
Du er trygg her
Her
Sov no -
Du kan sova
For det som hende, det hende ikkje her, det vil seia, det hende her, det vil seia, det hende nærmare denne gongen, men det hende ikkje deg, eller meg, for vi er ikkje råka, ikkje direkte, ikkje eingong nesten;
det er ikkje sant, det dei seier om at alle i dette landet kjenner nokon som … Eg kjenner faktisk ingen, ingen som er direkte råka, ikkje godt iallfall, ikkje som eg veit om iallfall … Men eg veit at den natta eg var oppe, natta etter at det hende:
eg hadde gjeve babyen mjølk;
eg gjekk og såg på skjermen igjen, og der stod dette forferdelege talet
klokka var 04.00
Men eg er ikkje direkte råka, så eg burde kanskje ikkje blanda meg, eller – dette er jo landet mitt, men – eller – eg er ikkje direkte råka men
kanskje er det nettopp difor eg bør blanda meg, eg går alltid i surr, altså korleis er det
Når er det respektfullt eller bra å blanda seg, seia noko, iallfall spørja
Og når er det kanskje best
Å ikkje seia så mykje
Sov no, barnet mitt
Mamma er her.
Her er du trygg.


Skrevet av: Maria Tryti Vennerød 16. april 2012
Ikkje direkte råka