Vi avslører deg
Du spelar frisk, du uhyre. Du prøver å lata som at du er ein av oss. Du kjemmer luggen, prøver å sjå frisk ut. Men frisyren avslører deg. Vi avslører deg. Du spelar frisk, du elendige sjukling, men det skal du vita, at vi vil aldri redusera rotenskapen din til sjukdom. Det er du for frisk til.
Om Maria Tryti Vennerød
Eg var ein av alle dei som ikkje var direkte råka, men som likevel prøvde å forhalda meg til alt som hende. Med utgangspunkt i det som dagleg kom opp av konfliktar, spørsmål, kaos og forvirring under rettsaka 16/4- 22/6 2012 , var målet mitt å skriva personleg.
Tekstane vart iscenesette kvar torsdag kl 16 i bokhandelen på Cappelen Damm-huset. Regi var ved Kai Johnsen, Ole Johan Skjelbred, De Utvalgte, Gjertrud Jynge og Kirsti Stubø, Jon Tombre og Trine Falch.
Se alle innlegg av Maria Tryti Vennerød →
Skrevet av: Maria Tryti Vennerød 10. juni 2012
Ikkje direkte råka