Blå øger kan isje lyge

Framtidsroman om ein gut i isolat som prøver å bli ekte bergensar (på frifot).

Ein kveld i Bergen, etter ei opplesing, kom ei dame bort til meg og fortalde om oppveksten sin. Ho hadde to brør som snakka vanleg bergensk og sa eg og ka og ikkje. Men når ho sjølv brukte slike ord, blei faren rasande og ropte at: Eg vil ikkje ha en datter som snakkar som en gatetøs!

Slik er det i alle byar, trur eg. Eit vanleg språk for vanlege folk, og eit finare språk som viser høgare status. Svogeren min som voks opp i Fjellsiden, måtte snakke pent så snart han kom innom døra heime, heme, hjemme. Ute kunne han snakke vanleg bergensk. Men ka finst under der igjen?

Då eg flytta på hybel i Bergen som 16-åring, var eg ein simpel strilegut frå Austevoll. Eg snakka stril og skreiv nynorsk. Og eg skjønte fort at eg var komen til ei høgareståande folkeslag som kallea seg EKTE BERGENSERE.  Eg lærte meg å hate og elske bergensk og bergensarar.

Men det er lenge sidan det. Brått ein dag begynte eg å skrive ein framtidsroman om ein gut som bestemmer seg for å bli ekte bergensar. Kanskje er han det siste mennesket på jorda? Eller det aller første ekte mennesket, etter at alt har rast saman? Han studerer gamle filmar og lydfiler med stemmene til utdøydde fortidsmenneske, og lærer seg sakte men sikkert ekte bergensk. Men ka e vitsen? Kadegåri?

Han lever i Ålehovvenes dager, det er Ålehovvene  som har restaurert jorda og fjerna alle restar av fortida og dyrka fram denne einsame guten. Foreldra hans er glatte androider, med glatt hud av elastin og pene bergens- stemmer. Finst det eit liv utanfor oppdrettsanlegget? Finst det framleis ein by som kan kallast Bergen?  Vil alt nokon gong bli klart på utsida, slik at  han kan sleppe ut og prøve å overleve som eit fritt menneske?

Her kan du lese de fem første kapitlene i Blå øger kan isje lyge:

Hans Sande
1 kommentar
  1. […] Det er ein slags dystopi, men ganske annleis enn dei mange YA-dystopiane som er så populære for tida. For her er det ikkje mykje ytre spenning. Handlinga går stort sett føre seg inne i ei leilighet, og det er tankane og refleksjonane til hovudpersonen som driv lesaren vidare. Forfattaren beskriv boka som ein framtidsroman om ein gutt som prøver å bli ekte bergensar. Her kan du lese kva forfatteren skriv om bakgrunnen for boka.  […]

    25. mars 2014 kl 20:22

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *