Møt høstens barnebokdebutanter: Veronika Erstad

Veronika Erstad (f. 1979) er frå Rosendal. Ho har gått forfattarstudiet i Bø og i Tromsø. I år er ho dobbeldebutant med diktsamlinga Eg er så nær morgonen eg kan kome på Samlaget og med barneboka Kattejenta på Cappelen Damm. I Kattejenta møter vi Rut og katten August. Dei har noko dei held på med, eit hemmeleg oppdrag. Og dei vil ikkje bli forstyrra. Dette er ei sjarmerande høgtlesingsbok om vener, kattar og det å ville bestemme sjølv. Eg har intervjua årets dobbeldebutant i anledning barnebokdebuten.

Kattejenta

Du debuterer i haust med ei barnebok, Kattejenta. Kan du si litt om ideen bak boka?
Det byrja med eit ønske om å skrive om kjensler for barn. Kjensler som er vanlege, men kan vere vanskelege å handtere og uttrykkje. Og om forhaldet til dyr, her kattar.

Korleis er ditt forhold til kattar?
 Eg er veldig glad i kattar. Og hundar. Eg har ikkje katt sjølv, men eg kjenner mange fine kattar som eg besøker av og til.

Kattejenta er ei ideell høytlesingsbok, med mange ting å snakke saman om. Blant anna det å ha eit dyr, om vener, løyndomar og trongen hos eit barn til å rå sjølv. Hadde du ein plan om å bringe desse elementa inn i historia, eller vert det berre slik?
Det blei nok skrive fram undervegs. Noko var klart frå starten, at det også skulle handle om vennskap og utfordringar som ligg der for barn.

Kattejenta er ikkje di einaste debutbok i år. Du har også debutert som skjønnlitterær «voksenbokforfattar» på Samlaget med diktsamlinga Eg er så nær morgonen eg kan kome. Dette er jo imponerande! Slikt skapar forventningar. Har du planar om å halde fram i same tempo?
Tusen takk! No blei det to bøker i år, men eg har arbeida med desse bøkene i lengre tid. Det skal nok bli vanskeleg å fortsetje i same tempo, men eg vil fortsetje å skrive både for barn og vaksne.

Korleis har det vore å bevege seg innanfor to sjangrar og to prosjekt samstundes?
Det har vore veldig fint. Når eg har trengt ein pause for å få eit nytt blikk på det eine prosjektet, har eg tatt fram det andre. Slik har eg veksla mellom dei i periodar.

Du har hatt ein dugande og erfaren illustratør, Bo Gaustad, til å illustrera Kattejenta. Kan du seie litt om samarbeidet og prosessen?
Ja, det er eg utroleg glad for. Boka har blitt så fin! Teksten var meir eller mindre ferdig før Bo byrja å illustrere, men eg har sett skisser undervegs i prosessen og det har vore utroleg gøy. Veldig spennande å sjå den ferdige boka. Eg likar godt det humoristiske, enkle og rare i illustrasjonane. Det var berre veldig riktig val av illustratør!

Du har bakgrunn både frå forfattarstudiet i Bø og forfattarstudiet i Tromsø. Mange vil meine at dette må bli «dobbelt opp». Kva seier du til det? Har dette medverka til din doble debut?
Det har eg, og no er eg student igjen, ved NBI sin forfatterutdanning. Det er eit veldig flott studium. Skriveskulane har vore viktige for meg. Vi som gjekk saman møtast framleis og les tekstane til kvarandre. Både diktsamlinga og barneboka har vore lese i gruppa eg har frå Tromsø, og eg har fått nyttige tilbakemeldingar på begge manusa. Ja, det har bidratt sterkt til at det har blitt ein debut i det heile tatt.

Du skriv på vakkert nynorsk, og kjem frå eit distrikt med særs velklingande dialekt. Er du trass i dette bekymra for at nynorsken bidreg til å begrense målgruppa for bøkene dine?
Det blir veldig spennande å sjå! Eg håpar sjølvsagt at det ikkje gjer det.

Har du nokre litterære forbilete?
Tja, kanskje ikkje nokre heilt klare, men mange. No når eg har byrja på NBI sin forfattarutdanning les vi mykje god barne- og ungdoms-litteratur. Det er utroleg mange flotte bildebøker, som eg som vaksen har stor glede av.

Kva slag forventningar har du til Kattejenta, når den nå skal ut i verda og møte kritikarar, bokhandlarar og publikum?
Det er eg veldig spent på. Om ho blir lagt merke til. Det blir spennande å høyre kva barna som les boka tenkjer, kva som interesserer dei ulike lesarane.

Anne Østgaard
Anne Østgaard har vært informasjonsmedarbeider i Cappelen/Cappelen Damm siden 1985. I 2013 tiltrådte hun en nyopprettet stilling som nettjournalist i forlagets digitale fellesavdeling, der hun er innholdsleverandør til forlagets ulike nettsteder og digitale kanaler, som bloggen forlagsliv.no, cappelendamm.no og bedriftens intranett. Hun er også engasjert på arrangementssiden, som programskaper og medansvarlig for Lunsjpausen, forlagets ukentlige, formiddagsarrangement, og som leder av Cappelen Damms Kunstforening Veggpryd.
Legg inn kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *