Lundekvam legg frå kai i Southampton

Claus Lundekvam (Brann.no)

I anledning Claus Lundekvams bokrelease En kamp til, som er skrevet av Thomas Karlsen, ble jeg spurt om å holde et kåseri om England og fotball og sånt. Det ville jeg selvsagt og i samarbeid med Rune Berg (gitar) og Rudi Myntevik (sang) så flettet vi det inn til et musikalsk kåseri. Her er teksten jeg fremførte for Claus Lundekvam og alle som kom på Pokalen i Oslo.

Ronnie MAG Larsen 70-talet
Ronnie M.A.G. Larsen, 70-talet

Då eg var ung var det ingenting som var så tiltalande som England. Dei hadde vore på den rette sida under krigen, sjølv om bilane køyrde på feil. Eg likte Bulldogen Churchill som fann opp jernteppet, men var livreddredd Jernkvinna Thatcher. Eg visste kven politikarane var, i ein alder eg burde hate politikk.

England hadde også dei beste fotball-laga og eg fekk mi fyrste Liverpool-drakt på slutten av 70-talet. Eg lærte å elske Liverpool. Det var så lett. Beatles var Gudar frå Liverpool, men Kevin Keegan var Guden
i Liverpool. Kenny Dalglish vart Jesus. Og i mål stod keeperen Ray Clemence og redda meir enn faderen, sonen og den heilage ande. Det er først no i ettertid eg forstår kor små marginar som er i sving når det gjeld det å få seg eit favorittlag. Det handlar om kva drakt du pakkar opp til jul, kva for ei toalettveske eller fotballbag ein eller anna onkel gir deg. Nokre fekk Derby, Stoke og Manchester United, men ingen fekk det slik som Trond Børre. Allereie ved dåpen skar det seg for han.
It`s a fine line between Heaven and Hell. It`s a fine line.

Trond Børre gledde seg til den niande bursdagen. Han såg på pakken at det var ein bag. Ein fotballbag. Han skulle bli ein av gutta, han skulle bli ein å sjå opp til for dei som var yngre. Han pakka opp og fekk sin fyrste… Notts County-bag. Trond Børre brukte bagen, så ofte det lèt seg gjere, og han kunne etterkvart namnet på manageren Howard Wilkinson og ein av favorittspelarane vart Justin Fashanu. Trond Børre hadde funne kjærleiken i Notts County, sjølv om han heile tida kalla laget for Notts Country. Han hadde ikkje leita etter kjærleiken, den kom til han. Ein kjærleik som han visste ville vare livet ut, om han tok ein kamp om gangen.

Notts County og Juventus
To hjerter, ei sjel. (Forum Juventuz)

Då Trond Børre fortalde at Notts County vart rekna som verdas eldste ligaklubb bad vi han halde kjeft. Då han fortalde at dei vann FA-cupen i 1894 fekk han nesten juling. Då han prøvde å fortelje gjengen at då Juventus skulle bytte ut sine rosa drakter i 1903 likte dei så godt Nottingham Forest sine raude, men la inn ei feilbestilling slik at Notts Countys drakter vart sendt til Italia, og at det er derfor Den Gamle Dame spiller i Notts County-drakter den dag i dag; ja då fekk han faktisk juling.

Peter Lorimer (LeedsUnited.com)
Peter Lorimer (LeedsUnited.com)

Spesielt mykje juling fekk han frå dei som heldt med Leeds. Det var faktisk sjukt mange som heldt med Leeds på 70- og 80–talet. Folk flest kunne namnet på alle dei som spelte på Super-Leeds, tenk det då. Verdas hardaste skot vart ekspedert av Peter Lorimer. Eg var aldri Leeds-fan, men eg sette pris på Peter ”Hot Shot” Lorimer. Men på slutten av 80-tallet var det god grunn for Leeds-fans å vere sure og sinte og vi aksepterte at Trond Børre fekk juling no og då.

Men så tok Notts Countys tidlegare trenar Howard Wilkinson over nedrykks-Leeds, og kjøpte inn Gordon Strachan, Vinnie Jones, Gary McAllister, John Lukic og sesongen før Premier League skulle innførast fekk Wilkinson signert ein franskmann som heitte Eric Cantona. Leeds vann ligaen i kamp mot Manchester United og dei slo Liverpool 4-3 i Charity Shield. Alle hata Leeds, og Leeds-fansen hata alle.

Men så skjedde det noko med Leeds. Dei mangla eit mål for å kvalifisere seg for å henge med i Europa, og dei rykka ned ned ned. Eg trudde då at det eine og åleine hadde med karma å gjere. Heile ligasystemet i England fekk seg ein trøkk og plutseleg vart den engelske ligaen dominert av nordmenn. På eitt tidspunkt i 1999-2000-sesongen spelte det faktisk 22 nordmenn i verdas beste liga. Nordmenn som hadde fått ein bag på 80-tallet kunne no spele på favorittlaget sitt, medan nokre gjekk til Wimbledon FC.

Matthew Le Tissier og Claus Lundekvam
© Action Images

Eg budde i England på denne tida og fekk som regel kjeft av engelskmenn då dei norske gjorde det elendig. Verst var det med dei venene som heldt med Southampton. På eitt tidspunkt i 1999 spelte både Jo Tessem, Trond Egil Soltvedt, Egil Østenstad og Claus Lundekvam for The Saints på The Dell.
Det var eit sant helvete. Det som berga meg var sannsynlegvis Matthew Le Tissier. Sjølv om han var på hell så var han aldri det. Han scora dei sjukaste måla og gjorde det uventa i kvar kamp. Skrudde in corner etter corner, scora på 49 av 50 straffer. Han kunne til og med gi mot$tandaren eit ka$t innan eitt minutt, om det trengte$. Eg likte Matthew Le God. Han spelte alltid i Southampton. Alltid! Meir trufast mot laget enn si eiga kone. Meir trufast mot lagkameratane enn sin eigen familie. Eg visste det ikkje då, men slik var det visst med fleire av dei som spelte fotball på uoppnåeleg høgt nivå. Dei vart ofte fortapt i ei verd som aldri hadde morgondagar.

Faksimile: The Sun, 22. oktober 1990

Den 2. mai 1998 vinn Notts County 5-2 mot Rotherham i League Division 3. Same kveld, i ei garasje, har Justin Fashanu funne fram eit solid tau. Han var den fyrste svarte fotballspelaren som vart kjøpt for over ein million pund, men han var og den fyrste kjende fotballspelaren som stod fram som homofil. Han håper at bjelken og løkka skal gjere jobben. Om ikkje anna her i livet så håper han at løkka og bjelken er til å stole på. Kanskje den siste varmen han kjende var støtta han i alle år hadde fått frå ein norsk Notts Country-fan, ein som alltid hadde vore der. Ein som hadde vore fan sidan niårsalderen. Uansett! Bjelken og tauet gjorde det dei skulle. Fashanu var berre 36 år då han pusta for siste gong.

Det med fotball, lag og kjærleik er viktig og sjeldan tilfeldig når alt kjem for ein dag.

Charles William Miller  (c) Splash
Charles William Miller
© Splash

Charles William Miller vart fødd i 1874. Han gjekk på skule i Southampton og etterkvart fekk han lære alt han ville vite om fotball ved å spele på Southampton Football Club. Han reiste etterkvart til Brasil. I bagen hadde han to fotballar og FA sine fotballreglar. I dei neste åra skulle han få tilnamnet Fotballens far i Brasil, og den 14. april 1912 stifta han FC Santos. Det var her 15 år gamle Pelè skulle spele sin fyrste kamp i 1956.

12 timar og 20 minutt etter at FC Santos vert stifta går passasjerskipet RMS Titanic på eit isfjell. Det la frå kai i Southampton fire dagar tidlegare. It`s a fine line between Heaven and Hell. It`s a fine line.

Det å leve handlar heile tida om å gripe sjansane når dei dukkar opp. Det handlar om å Marching On Together sjølv om Leeds ligg i feil divisjon. Det handlar om å ha West Ham-trua sjølv om laget ditt ikkje har slått Liverpool på Anfield sidan 1963. All My Loving! Det handlar om at Notts County tapte 4-1 mot Morecambe i helga, det handlar om å bytte ut keeperen når han svelger tunga i Mjøndalen. Det handlar om å ikkje bli filma når ein filmar. Det handlar om å sende e-post frå Manchester til Madrid før midnatt, og ikkje rett etter. Det kan og handle om kven som scora i eit hotellrom på La Manga for 15 år sidan, men det er vel så viktig å putte med tissefanten slik at Norge scorar mål nummer 1000 på Ullevål.
Omslag_Lundekvam_EnKampTil
Det er dei små tinga som gjer at livet blir stort. Kvardagane handlar ikkje om å forandre verda, men om Liverpool, Leeds, Notts County og Bønes. Og det er i kvardagane ein skal unngå livsfarlege isfjell, i det ein forlèt Southampton anten som skip eller fotballspelar. It`s a fine line.

You`ll Never Walk Alone, Claus Lundekvam.
You`ll Never Walk Alone!

Ronnie MAG Larsen 1. september 2015

Ronnie M.A.G. Larsen

(f. 1971) er fødd og oppvaksen på sunnmørsøya Giske. I 2008 debuterte han med novellesamlinga OFFA. Ronnie er utdanna filmregissør/manusforfattar og har spelt perkusjon i The Margarets.

www.ronniemaglarsen.com

Legg inn kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *