Min sommerlektyre: Per Helge Genberg anbefaler

Henrik Ibsens Et dukkehjem og Hedda Gabler - nå også anbefalt sommerlektyre.

IBSEN KOM INN I LIVET MITT DÅ EG VAR 12-13 ÅR. Den gongen, medan Noreg berre hadde ein TV-kanal og ei kulturpolitisk målsetjing om å spreie høgverdig kultur, viste NRK klassikarar i Fjernsynsteatret. Enda så mykje eg har arbeidd med desse tekstane og så mange teateroppsetjingar eg har sett, er Lise Fjeldstad for alltid Nora og Monna Tandberg er Hedda.

Et dukkehjemDå eg mange år seinare møtte mannen min, fortalde eg han at ”mykje av livsrøynsla mi har eg frå Ibsens samtidsdrama”. Ibsen var den moderne samfunnskritikaren på slutten av 1800-talet, men for meg er det geniale innsynet hans i menneskeleg psyke absolutt viktigast. Å svikte kjærleiken – både i seg sjølv og i høve til ein annan – å ta ansvar for eige liv, å bruke (det vaksne) barnet sitt som hemnar, å uttrykkje eigen frustrasjon gjennom makt over andre, å byggje eit forhold på lygn eller sanning; desse djupaste eksistensielle spørsmåla er evig relevante.

To gonger fekk eg eit Ibsen-tema til eksamen, og måtte ta omsyn til dei ”offisielle” tolkingane av verka. Difor skal eg no endeleg få seie at eg ikkje primært opplever Hedda Gabler som overklassekvinna undertrykt av konvensjonar, men som ein studie i psykopati, før nokon i fagleg samanheng nemnde (kvinnelege) psykopatar.

Kjære lesar: Når du set deg på terrassen eller legg deg på stranda – i den nye bikinien eller den akkurat passe lange shortsen – lempar du neppe med deg Ibsens samla i tre band med skinnrygg. Men les noko ved høve, og gå i teatret når dei spelar Ibsen.

Som ein fin tilleggsdimensjon til innhaldet kan du òg byrje tenkje etter korleis persongalleriet og relasjonane mellom dei einskilde er bygd opp i dei 12 samtids-skodespela, og du vil finna interessante system og strukturar.

God litterær sommar!

 

Les anbefalinger fra flere Signaler-debutanter:

Hedda Rosenbergs anbefaling, Lisa Him-Jensens anbefaling, Ane Landfalds anbefaling