Revolusjon og antirevolusjon

Russiske imperiumRussiske imperium
I anledning 100-årsdagen for Oktoberrevolusjonen skriver forfatter og forsker Kåre Johan Mjør skriver om dagens Russlands forhold til den russiske revolusjon.

Denne hausten er det 100 år sidan den russiske revolusjonen, eller «Den store sosialistiske oktoberrevolusjonen», som det heitte i Sovjetunionen. Den gongen var det ingen tvil om at revolusjonen var «stor». Men kva meiner dagens Russland om 1917? Til dømes presidenten?

 

Då Vladimir Putin i desember 2016 heldt sin årvisse tale til parlamentet, nemnde han faktisk revolusjonsåret 1917. Det var ikkje opplagt at han skulle gjera det. Putin snakkar gjerne om Sovjetunionen, men sjeldnare om det som tradisjonelt har blitt rekna som opphavet til denne staten, den såkalla Oktoberrevolusjonen, då bolsjevikpartiet 7. november (25. oktober etter gammal tidsrekning) 1917, under leiing av Lenin, tok makta i Petrograd.

I talen minna likevel Putin tilhøyrarane om at i 2017 vil det vera 100 år sidan både Februarrevolusjonen, som førte til at tsardømet fall, og Oktoberrevolusjonen. Han la vekt på at dette er «vår felles historie og at ho må handsamast med respekt», og han såg føre seg at revolusjonsmarkeringa kunne bli eit nytt høve til å stadfesta den semja og forsoninga «som vi i dag har makta å oppnå».

Han åtvara vidare mot å «spekulera» i tragediane som følgde av desse hendingane, og konkluderte i staden med at «vi er eit einskapleg folk, vi er eitt folk, og vårt Russland er eitt». Han tilbaud dermed ikkje noko svar på korleis vi eigentleg skal forstå revolusjonen, men heva seg snarare over han. Som så ofte før prioriterte Putin å proklamera ein einskapleg russisk nasjon.

– Det er i grunnen naturleg at Putin ikkje likar å snakka om revolusjonen.

Fargerevolusjonar

Det er i grunnen naturleg at Putin ikkje likar å snakka om revolusjonen. Regimet han styrer, er grunnleggjande antirevolusjonært. Eit sentralt mål for Putin og støttespelarane hans er å hindra slike «fargerevolusjonar» som har funne stad i nabolanda: Oransjerevolusjonen i Ukraina, Roserevolusjonen i Georgia og Tulipanrevolusjonen i Kirgisistan. Dette har først og fremst vore folkelege oppstandar mot valfusk og korrupte, autoritære elitar, men dei har også utfordra Russlands hegemoni og mjuke makt over nabostatane.

«Ein grundig og svært kunnskapsrik gjennomgang av russisk imperieideologi og imperiepolitikk gjennom 500 år. […] Skal du lese berre ei Russlands-bok i år, vil eg tilrå Kåre Johan Mjør», skriv Tom Hetland i Stavanger Aftenblad. Boka kan kjøpes på Cappelendamm.no.
For dei fargerevolusjonære ligg den sovjetiske arven som ei klam hand over landa deira og gjer det uråd å driva sjølvstendig politikk. Moskva på si side ser fargerevolusjonar som noko Vesten står bak. Dette er ein ny måte å føra krig mot Russland på. Og då menneskemengder etter valfusket i 2011 byrja å ta til gatene i Moskva og andre russiske byar, frykta presidentkandidaten Putin at revolusjonen truga også på heimebane. Før dette hadde han vore vitne til den arabiske våren, og seinare følgde Euromajdan i Kiev. Putins åtvaringar mot revolusjon og kaos viser også implisitt til Sovjetunionens kollaps, der ein stor og mektig stat brått blei splitta opp.

Kva skal så Russland gjera med revolusjonsjubileet sitt i denne situasjonen? Kan 1917 forståast på nokon annan måte enn statleg kollaps, kaos og omvelting? Ettertida vil visa korleis staten vel å markera det føreståande jubileet. Men også dei 25 åra som er gått sidan Sovjetunionen blei historie, har bydd på tolkingskonfliktar knytt til revolusjonen. I boka Aktuell fortid: Den styrande elitens symbolske politikk og den russiske identitetens dilemma frå 2015 har den russiske forskaren Olga Malinova, professor ved Higher School of Economics i Moskva, gjeve ei framstilling av det spekteret av tolkingar som i dag står til rådvelde.

– Då 80-årsjubileet stod for døra i 1997, rådde Jeltsin russiske borgarar til å heller «laga surkål, tetta vindauge og bu seg til vinteren».

Patriotiske tolkingar

For den første postsovjetiske presidenten Boris Jeltsin var Oktoberrevolusjonen ein «tragedie» og «katastrofe», og det sovjetiske regimet var følgjeleg utan legitimitet. Dette var nærmast offisielt russisk syn på 1990-talet. Då 80-årsjubileet stod for døra i 1997, rådde Jeltsin russiske borgarar til å heller «laga surkål, tetta vindauge og bu seg til vinteren».

Denne demonstrative haldninga hadde likevel sine opponentar, først og fremst kommunistpartiet og leiaren Gennadij Ziuganov. Under presidentvalet i 1996 var han ein reell utfordrar til Jeltsin, som på si side måtte få hjelp frå dei nye mediemagnatane for å vinna.

Sjølv om Ziuganov identifiserte seg med Sovjetunionen, omtolka han sovjetprosjektet nokså radikalt. For Ziuganov inkarnerte Sovjetunionen tradisjonelle russiske kollektivistiske og ortodokse verdiar, og stod i ein lengre tradisjon av russisk statsbygging og spiritualitet. Oktoberrevolusjonen hadde vore første steg på vegen til å gjenoppretta denne tradisjonen, i ein situasjon av krig, kaos og trugande oppløysing. Lenins forteneste var såleis at han berga og bevarte Russland. Noko det er lite spor av hos Ziuganov, er Lenins oppfatning av det gamle russiske imperiet som imperialistisk og som «nasjonane sitt fengsel».

Ziuganov er framleis til stades i russisk politikk, men han utgjer ikkje lenger nokon reell opposisjon. Ein grunn til dette er at fleire av ideane hans rett og slett har blitt mainstream, det vera seg Russland som ein ortodoks kollektivistisk sivilisasjon eller Sovjetunionen som eit sentralt kapittel i Russlands «tusenårige historie». Viktige trekk ved kommunistpartiets versjon av den sovjetiske fortida har såleis, ifølgje Malinova, langt på veg fått gjennomslag, men sjølve revolusjonen er framleis ei utfordring for mange. Den konservative tenkjaren Natalja Narotsjnitskaja har hevda at ein må skilja mellom det revolusjonære, «antirussiske» prosjektet frå 1917 og det «patriotiske» Sovjetunionen som seinare blei eit faktum. I denne tolkinga har ikkje Sovjetunionen særleg mykje med revolusjonen å gjera i det heile.

– Neoimperialisten Aleksandr Prokhanov ser 1917 som starten på det «fjerde russiske imperiet».

Andre sjølverklærte patriotar opnar likevel for å inkludera revolusjonen i større grad, slik Ziuganov har lagt grunnen for. Neoimperialisten Aleksandr Prokhanov ser 1917 som starten på det «fjerde russiske imperiet», etter Kiev-imperiet, Moskva-imperiet og Romanov-imperiet. Alle desse imperia har blitt fødde ut av kaossituasjonar, og for Prokhanov er eit femte imperium i ferd med å veksa fram i dag. Men dersom kaoset no på nytt er overvunne, bør ein kanskje vera varsam med å feira revolusjonen for mykje?

Putin og Lenin

Putin har fleire gonger dei seinare åra kritisert bolsjevikane for at dei etter maktovertakinga i 1917 bidrog aktivt til å splitta opp Russland, som ved Brest-Litovsk-freden i 1918. Her «forrådde dei nasjonale interesser» då dei slutta fred med fienden i staden for å kjempa vidare. «Fred» var som kjent ein av Lenins lovnader i 1917 (i tillegg til «jord og brød»), og bolsjevikane lét no store område av det gamle imperiet koma under tysk kontroll: Baltikum, Kviterussland, Ukraina. At det var eit «svik» mot «Fedrelandet» å avstå Ukraina, er, som Malinova peikar på, ei utsegn som får ekstra vekt i ein situasjon der Russland er i konflikt med nettopp Ukraina.

Putin har også kritisert grensene bolsjevikane seinare drog mellom nasjonane i den nye staten sin, til dømes at Donbas hamna i Ukraina og ikkje i Russland. I januar 2016 formulerte han ein meir generell kritikk: Med sin føderative modell for Sovjetunionen plasserte Lenin ei «atombombe under Russland». Denne detonerte i 1991 og resulterte i øydeleggjande separatisme. Stalins alternative modell – Sovjetunionen som ein einskapsstat – hadde vore å føretrekkja, la Putin til. Underforstått: Lenin har mykje av skulda for at Russland og Ukraina i dag er to ulike statar. For som Putin sa då Russland offisielt annekterte Krim 18. mars 2014: «Vi er i realiteten eitt folk».

Attende til historia?

Rådgjevaren til Mikhail Gorbatsjov, Aleksandr Jakovlev, lanserte i si tid slagordet «Attende til historia». Russland (Sovjetunionen) hadde i 70 år avskore seg frå den europeiske sivilisasjonen og måtte no finna ut av den sjølvpåførte isolasjonen. I 2013 sa Putin noko som tilsynelatande likna, men som likevel tydde det motsette: «Vi har vendt attende til oss sjølve, til vår eiga historie». Det skulle no vera slutt på at eigne bragder i den nære fortida blei fortrengt til fordel for å etterlikna vesten. I staden har Putin gått aktivt inn for å innlemma Sovjetunionen i den nasjonale historia – ikkje som eit sosialistisk prosjekt, men som eit sentralt kapittel i russisk historie, utan eigentleg noko revolusjonært opphav. Han har teke eit oppgjer med Jeltsintida sitt perspektiv på sovjetperioden som eit historisk avvik og i staden freista å normalisera denne epoken.

Det har vidare vore eit mål at denne historia skal forteljast så einskapleg og eintydig som råd, ikkje i minst med tanke på lærebøkene i skuleverket. I den nye læreplanen frå 2011 lyder ei av overskriftene «Den store russiske revolusjonen», og omfattar hendingane frå Februarrevolusjonen i 1917 til avslutninga av borgarkrigen i 1921. Det blir ikkje lagt skjul på at denne tida var djupt splittande for folk og land, men det blir samstundes konkludert med at «det sentrale spørsmålet» i revolusjonsperioden var «den russiske statens eksistens». Her speglar læreplanen det som har blitt den rådande ideologien under Putin: Russland er først og fremst ei (sterk) statsmakt, og det er dette historia handlar om.

Årsdagen for Oktoberrevolusjonen, 7. november, er ikkje lenger offisiell fridag i Russland. Han er blitt erstatta av 4. november, datoen då moskovittane sigra over svenske og polske inntrengarar under den såkalla urotida tidleg på 1600-talet. Han har fått namnet Dagen for nasjonal einskap. Samstundes er sovjethistoria rehabilitert som ei tid for storfelt statsbygging og russisk innverknad globalt. Like fullt, 7. november står framleis i kalenderen og representerer eit uløyst dilemma for dagens regime, som i stor grad tuftar sin legitimitet på å ha overvunne det påståtte kaoset frå 1990-talet og på å stå for kontinuitet med den lange fortida. Datoen minner om at Russland ikkje er så einskapleg som Putin hevdar.

Første gongen publisert i Klassekampen 18. februar 2017.

Kåre Johan Mjør

Kåre Johan Mjør er forskar ved Centrum för Rysslandsstudier, Uppsala Universitet. Han har tidlegare publisert boka Reformulating Russia: The Cultural and Intellectual Historiography of Russian First-Wave Émigré Writers (2011) samt ei rekkje artiklar om eldre og nyare russisk idéhistorie og filosofi.

Legg inn kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *