Fra «Taparskalle - tekstar om idrett»:

Ti tips til idrettsforeldre

10 tips til idrettsforeldre Bilde av gutt som redder en ball i fotballmål10 tips til idrettsforeldre Bilde av gutt som redder en ball i fotballmål
Skjeldal har samla dei beste avistekstane sine om idrett frå det siste tiåret, og lagt til nokre nye, særleg om kor viktig erfaringa av nederlag er i all idrett i sin nye bok «Taparskalle» Foto: Unsplash

Desse ti boda eller råda må du gjerne lesa som dyrekjøpte erfaringar. Som vaksen i barneidretten (motsetninga ligg alt der!) har eg sjølv gjort alle desse syndene, skriver Gudmund Skjeldal.

Dette har du visst lenge: Barneleiken er ein truga dyreart. Du har berre ikkje visst korleis du skulle løysa knipa – for du er sjølv problemet. Du er den forelderen eller føresette som gjer altfor mykje for borna dine. Du er som alle oss andre: Vi anar ikkje heilt når vi skal la ungane i fred.

Desse ti boda eller råda må du difor gjerne lesa som dyrekjøpte erfaringar. Som vaksen i barneidretten (motsetninga ligg alt der!) har eg sjølv gjort alle desse syndene, på ein eller annan måte. Eller eg har høyrt dei bli gjort, sett dei bli utført.

Hugs at det er menneskeleg å feila, men under verdigheita di å ikkje læra av dei.

TIL IDRETTSFORELDRE: Ti bod for ein endå betre barneidrett

 

Gudmund Skjeldal omslag av Taparskalle
«Ti bod for ein endå betre barneidrett» er hentet fra Taparskalle Les mer om Taparskalle på cappelendamm.no

1. Du skal ha andre gudar enn Martin Ødegaard og Heidi Løke. Sjansen for at barnet ditt blir verdas aller beste utøvar i ei eller anna grein er like liten som at gjøken legg egg i treet der du bur. Det gjeld dei andre borna i idretten også: Målet må vera noko anna enn å odla fram éin teoretisk Zlatan av tusen små.

2. Spør aldri om barnet ditt er tørst. Fokuset på borna i våre dagar er så sterkt at dei ikkje lærer å kjenna sin eigen kropp. I verste fall blir ungane så ivrige i leiken at dei gløymer å drikka. I teoretiske tilfelle kan dei då besvima, men dei aller, aller fleste vil finna drikkeflaska si når ganen er tørr nok. Eller endå betre: dei finn ein bekk.

3. B-laget er viktigare enn A-laget. Dei beste klarer seg. Alltid. Dei nest beste treng eit lag når dei skjønar at dei ikkje blir krinslagspelarar (det gjeld kva idrett som helst). Fråfallet i ungdomsidretten er alarmerande stort. Lat det finnast eit alternativ for dei som vil trena éin gong i veka, og ikkje seks. Målet må vera flest mogelege spark på ballen, sagt med eit bilete frå fotballen, ikkje best mogelege spark.

4. Du skal aldri halda kviledagen heilag. Stå aldri og sjå på ei trening der barnet ditt er med. Bruk tida til å sjølv trena; jogg, eller sym eller spel fotball med nokre andre vaksne. Korleis skal dei små skjøna vitsen med trening dersom dei vaksne ikkje gjer det?

Ikkje brøl frå sidelinja som om du er Tom Nordlie.

5. Prat minst mogeleg. Vis desto meir. Eit barn på tærne inn i leiken får med seg kanskje to prosent av det du seier (om du er trenar). Sjansen er dessutan veldig stor for at du bruker ord dei ikkje forstår. Ikkje forklar på førehand kva idretten går ut på. Stopp dei stundom i leiken og forklar – om du absolutt må. Og når du først er i gang: Ikkje brøl frå sidelinja som om du er Tom Nordlie. Ikkje blås i fløyta og stogg heile gruppa om du kan lata det vera. Gje tips til den einskilde. Då har du ein teoretisk sjanse for at ho høyrer, og kanskje forstår. Born er alltid ulike. Born er aldri berre born.

6. Køyr ikkje barnet ditt til trening. I Malmö sykla gutungen Zlatan til fotballtreningar, kanskje fleire kilometer. Stundom stal han syklar for å koma seg heilt fram. Dette dømet står tilsynelatande i motsetning til bod nr. 1, men målet må vera det same for stortalentet som for den opplagde reserven: å læra sjølvstende. Born må få erfara og utvikla det. Må du køyra barnet ditt til trening, bur du anten for langt frå folk. Eller du har sydd puter under baken på det.

Les også

Eksperten svarer

Har du en taus tenåring? Derfor kommer du ikke gjennom

7. Leit alltid etter lagånda. Du skal ikkje lyga, men: Om laget ditt har tapt 1–12 i fotball eller handball, spør aldri ungane kva dei gjorde gale etterpå. Dei veit inderleg godt at dei tapte. Skryt av dei for å ha vore tapre og ha stått kampen ut. Ros dei for å ha ledd då måla rann inn og at dei heldt humøret oppe. Lagspel handlar aller mest om samarbeid, og å læra å ikkje kjefta – verken på medspelar, motspelar, eller dommar. Sport handlar aller mest om tap.

8. Konkurransar er alle tings middel, og aldri noko mål. Om borna du har hatt med på trening, ikkje dukkar opp på eit renn eller eit løp eller eit stemne, så har du ikkje gjort noko feil. Dei har heller ikkje gjort det. Born kan ha tusen gode grunnar for å ikkje møta fram til konkurransane: Støyen i svømmehallen når då han dukkar opp frå startstupet. Blodsmaken i munnen. Dei tarvelege premiane. Lat berre dei som gjerne vil, få konkurrera seg i mellom. Dei andre kan få tenkja seg om.

Still i konkurransar sjølv, om du meiner borna har nytte av det.

9. Konkurrer sjølv. Dette er nesten det viktigaste, men også det vanskelege: Still i konkurransar sjølv, om du meiner borna har nytte av det. Du er den som må visa at blodsmak i munnen ikkje er farleg. Du er den som må visa at det går an å tabba seg ut. Du må visa at konkurransar lyfter prestasjonane, og at det er lov å slå dei andre (når ein gjer det med stil).

10. Om ungane begynner på ein eigen leik åleine, til dømes stuper dei uti bassenget og skundar seg opp att, og tida berre går og går, og dei gløymer heilt kva dei kom på trening for, og du får ikkje gjennomført det du kom på treninga for, då er ikkje økta bortkasta. Då har du lukkast utan å ha tenkt det. Då har borna lukkast utan å vita det sjølve. Dette er det aller viktigaste: Ikkje stogg dei, ver så snill. Ikkje sei det til dei, heller (kor flinke dei er). Lat dei berre driva på.

Les også

Hele Norges helsesøster

Helsesista kommer med bok til høsten!