Pause

 

Er det pause?
Kva meiner du
Ingenting som skjer;
Det verkar som at det er pause
Ja då er det vel pause
Pause frå kva?

Nei det var noko som hende her, noko som kjentest viktig, noko grusomt, noko som angjekk oss
Ja?

Eg gjekk i tog, sang songar og snakka
Det var nesten fint

Unnskyld
Veit du –
Er det noko som skjer, eller
Har dei flytta seg
Nei det var nettopp ein masse folk her
Det var nettopp
Det var
Nei eg veit ikkje

 

Det var ikkje eg som var her, eg berre såg på, men alt dette forferdelege som ikkje var mitt, eller; eg prøvde å gjera det til mitt, ikkje som ein parasitt men som ein som har innleving: ja, eg prøvde (altså på mitt vis) å dela noko av helvetet

Det er jo ikkje mitt, men eg tenkte likevel

At eg kunne komma innom

Nei, eg tenkte berre eg skulle stikka innom
Passar det, eller?
Det passar sikkert ikkje
Du må berre sei ifrå viss det ikkje passar
Nei eg berre tenkte, liksom, eg vil ikkje bry meg, meiner ikkje å grafsa, men altså, eg har jo høyrt – du veit, veggene her er tynne
Ein høyrer jo eitt og anna, ikkje sant, når ein høyrer eit Dunk så er det ikkje så lett  å vita kva som dunkar
Forstå meg rett
Når eg høyrer dunk så forheld eg meg til dunk, eg driv ikkje og diktar
og fargelegger
Men eg prøver å bry meg

Maria Tryti Vennerød
Eg var ein av alle dei som ikkje var direkte råka, men som likevel prøvde å forhalda meg til alt som hende. Med utgangspunkt i det som dagleg kom opp av konfliktar, spørsmål, kaos og forvirring under rettsaka 16/4- 22/6 2012 , var målet mitt å skriva personleg. Tekstane vart iscenesette kvar torsdag kl 16 i bokhandelen på Cappelen Damm-huset. Regi var ved Kai Johnsen, Ole Johan Skjelbred, De Utvalgte, Gjertrud Jynge og Kirsti Stubø, Jon Tombre og Trine Falch.
Legg inn kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *